Silje & Herkules

lørdag 20.07 kl. 23.15
Silje Og Herkules (1)

Me skal danse ut siste rest av Vinjerock 2019 - og det hjelper desse solide platesnurrarane oss med. 

DJ Herkules er ein av de legendariske DJ-ane innan urban klubbmusikk i Noreg. Han har lenge vore eit av dei mest prominente norske namna på klubbar, konsertar og festivalar, og han har opptrett live med Warlocks, Diaz, Mad Con, Lars Vaular og ei lang rekkje andre. Herkules har besøkt Vinjerock fleire gongar før, og kvar gong har han fått folkemengda til å koka. Denne gongen står han skulder til skulder med sin tidlegare protesjé, Silje Larsen Borgan. 

Silje har snurra plater saman med Christine Dancke i ti år, og gjennom desse åra spelt på klubbar og festivalar i heile landet. I dag er dei faste DJ-ar på Blå i Oslo med konseptet Hoetell. Det var Håvard Ellingsen (Herkules) som kursa Silje og Christine i Serato for ti år sidan, så på mange måtar er ringen slutta denne kvelden på Vinjerock.