Cezinando

Cezinando Uten Grafikk

Hugsar de då Cezinando skapte magiske augeblikk på Eidsbugarden i 2018? Gjer dykk klare, han kjem tilbake i 2020! Cezinando har prega hitlistene i fleire år og har fått ei rekke prisar for musikken sin, blant anna fleire spellemenn. Han har dei siste åra markert seg som ein knakande god liveartist med eksplosive show over heile landet. No jobbar han med nye prosjekt som han tar med seg til fjells. Og me gler oss sjølvsagt heilt vilt til å synge med til hitar som «Håper du har plass», og «Vi er perfekt men verden er ikke det».

Foto: Maria Pasenau