brenn.

Brenn

I løpet av 2019 etablerte brenn. seg som ein av dei beste liveartistane i landet, og me kan med glede presentere at dei kjem til Vinjerock til sumaren! Alt ved brenn. syner at rock framleis kan vere uredd, fri, uhøgtideleg og fargesprakande. Debutalbumet, Elsker, kom til verda 4. oktober 2019, til stor mottaking av både fans og anmeldarar, og beviste for alle at brenn. har komme for å bli. Duoen vart nominert til «Årets liveartist» på P3 Gull 2019 for sitt energiske liveshow på festivalar som blant anna Roskilde, Malakoff og Øyafestivalen, men også på sine eigne klubbkonsertar.