Boy Pablo

fredag 19.07 kl. 19.00
V0A0864

Gjer deg klar for fløyelsmjuk indiepop i fjellheimen. 

Boy Pablo. Då låten hans Everytime gjekk viralt og fekk fleire millionar avspelingar på nett fall verda for føttene til bergensaren Nicholas Pablo Munoz og bandet hans. Dei slo musikk-Noreg som ein komet i 2018, og vart kåra til årets nykomar på P3-gull.

Med sin varme indiepop er det musikken som akkompagnerer sommarnatta perfekt, og me har trua på at Vinjerockarane skal finne både roa og dansefoten til Boy Pablo i Jotunheimen denne sommaren. Me gler oss!