Blomst

Blomst

Garasjepunkbandet, Blomst tar med seg eit heilt nytt album i fjellsekken. 8. mars slepp dei nemmleg sitt andre album «Blomst IL». Sjølv beskriv dei albumet som ein rett-frå-levra statusoppdatering frå midten av 20-åra som fleire vil kjenne seg igjen i. Låtane er levert med ei stor dose garasjepunk-energi og dønn ærlege tekstar på norsk, framført av eit band som tar tak i deg frå første riff og med ein av Noregs beste rockevokalistar bak mikrofonen. Med andre ord: framtida av norsk rock er i dei beste hender, og me gler oss stort til både nytt album og Vinjerock-debut!