Aurora

fredag 19.07 kl. 23.00
Aurora

Aurora vender tilbake til Vinjerock med sin magiske popmusikk.

Dei siste åra har Aurora turnert USA, Sør-Amerika, Australia, Asia og over heile Europa med sin karakteristiske og sterke popmusikk. Artisten har opparbeida seg  ein solid lyttarskare over heile verda, som har lete seg fange av låtar som "Running  with  the  wolves", "Runaway", "Forgotten  Love" og  "Queendom". No er  ho klar for neste kapittel. Med albumet  Infections  Of a Different Kind-Step 1 er Aurora tilbake med sin sterke karakter, sjølvtillit og kreativitet.  Frå  ein  backdrop  beståande av verdsmetropolane sine  skyskraparar, til Jotunheimen sine tindar  sommaren 2019:  me  gler oss til å oppleve Aurora i fjellheimen att.