9 grader nord

9 Grader Nord Pressebilde

9 grader nord møter klubbkonseptet Get Dancy. Kva får vi? Me gler oss til å sjå.

9 grader nord for ekvator ligg byen Jaffna på Sri Lanka. Frå denne byen stammar halvparten av medlemmane i bandet med det karakteristiske namnet 9 grader nord. Frå frodige og fargerike Sri Lanka til våte Bergen, og no til fjells til Vinjerock. På scena saman med Get Dancy! blir det dansestemning utan like.

Med bambusfløyte og cajon tek søstrene Mira og Dipha Thiruchelvam og deira kompanjongar Jakob Sønnesyn og Jakob Sisselson Hamre oss med på ei musikalsk reise gjennom mange ulike sjangrar. Dei utfordrar oss, og med si blanding av baila, flamenco, jazz og karnatisk musikk vil dei overraske og få oss til og danse. Me gler oss til å bli tekne med storm.