Uranostind

torsdag 18.07 kl. 07.00
Vinjerock 2019: Uranostind (1)

Uranostind (2157 moh.)

Var det nokon som sa vakraste tinden i heile Jotunheimen? Vel, no kan du avgjere sjølv kva du tykkjer, for saman med lokale fjellførarar vert det fire turar til Uranostind under årets Vinjerock.

Vi lovar storslagen natur, brevandring, og om været speler på lag - ei utsikt frå toppen du seint vil gløyme.

Gradering: Raud (sjå "Restriksjoner" under)

Tidspunkt:

  • Torsdag 07:00 - 16:30
  • Torsdag 09:00 - 18:00
  • Fredag 07:00 - 16:30
  • Fredag 09:00 - 18:00
  • Laurdag 07:45 - 17:15 

 

Uranostind - Søregga (2157 moh.)

Var det nokon som sa vakraste tinden i heile Jotunheimen? Vel, no kan du avgjere sjølv kva du tykkjer, for saman med lokale fjellførarar vert det fem turar til Uranostind under årets Vinjerock. 

Første del av turen går inn til Uradalsvatnet og vidare bratt opp til den nordlegaste Urasnostinden på 2048 moh. Deretter luftig klatring/klyving til hovedtoppen. Ned igjen følgjer vi normalvegen som går over breen.   

Gradering: Sort (sjå "Restriksjoner" under)

Tidspunkt: 

  • Fredag 08:00 - 18:00

 

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke

Vi stiller med alt naudsynt bre- og sikringsutstyr.

Oppmøte: DNTs turinformasjon i Vinjeparken.