Stand up paddle

torsdag 18.07 kl. 17.00
Vinjerock 2019: Stand up paddle

Stand up paddle

Lei av å sitte når du skal padle? Bli med på SUP då vel! SUP er nemleg ei forkortning for "Stand Up Padling" og har vorte svært så populært dei siste åra. Du står på eit digert surfbrett (Na-na-nananananaaaa) og padlar. Enkelt og greitt og ganske så genialt. God trening er det visst og. 

Tidspunkt:

  • Torsdag 17:00 - 19:00
  • Fredag 10:00 - 12:00
  • Fredag 13:00 - 15:00

 

SUP Safari

Laurdag arrangerer me også ein SUP-safari. Dette blir vår aller første guida SUP-tur på Bygdin! Padlerute og lengde avhenger av vêr og vind, og turen blir tilpassa etter deltakarane. På vegen finn me ein fin rasteplass og serverer kaffi og snacks.
SUP-safari passar for deg som har prøvd SUP før, eller har erfaring med kajakk  eller kano. Ta med vannflaske og tørt skift.

Kurshaldar er Hallgeir Thorbjørnsen frå 4 elements.

Tidspunkt:

  • Laurdag 11.00-14.00 (SUP Safari)

 

SUP-yoga

Har du lyst til å utfordre balansen på SUP-brettet? På denne økta får du prøve yoga på ein litt annan måte enn vanleg, nemleg på eit SUP-brett på sjølvaste Bygdin. 

Kurshaldar er Kaja Olsen frå 4 elements.

Tidspunkt:

  • Fredag 08:00 - 09:30 (SUP-Yoga)
  • Laurdag 09:00 - 10:30 (SUP-Yoga)

 

Gradering: Grøn (sjå "Restriksjoner" under)

Utstyr (gjeld alle SUP-aktivitetar):

  • Ulltøy
  • Handkle
  • Skift

Oppmøte:  DNTs turinformasjon