Roleg tur til Høystakkane

lørdag 20.07 kl. 11.00

Roleg tur til Høystakkane

Festivallivet kan vere utruleg kjekt, men samstundes ganske slitsomt. Bli derfor med oss på ein litt rolegare tur. Turen til Høystakkane går idyllisk langs Bygdin. Etter å ha fulgt vatnet litt bortover, startar stien å snike seg litt opp skråningen. I det du kanskje kjenner at kroppen er litt sleten er me på toppen og kan nyte ei fin utsikt. Frå toppen ser me attende mot festivalområdet og vidare innover langs Bygdin. Sidan det trass alt er laurdag tek me ein god pust i bakken på toppen før me går attende.

Gradering: Grøn (sjå "Restriksjoner" under)

Tidspunkt:

  • Laurdag 11:00 - 15:00 (Oppmøte ved turinfoen kl. 10:45, me går fra festivalområdet kl. 11:00).

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke
  • Solbriller og solkrem

 

Oppmøte: DNTs turinformasjon.