Vinjerock 2019: Ølsmaking

fredag 19.07 kl. 13.30
Vinjerock 2019: Ølsmaking

Fleire ulike typar øl har funne vegen til Eidsbugarden, og uansett om du er ein dreven ølsmakar eller fersk i faget så vil smakinga gjere deg langt betre rusta til å velje ein øl etter din smak neste gong.

Det er avgrensa med plassar, så her er det fyrstemann til mølla som gjeld. 

TIDSPUNKT

Fredag
13.30-14.30: Kinn
15.00-16.00: Små Vesen
16.30-17.30: Vinje Bryggeri

Lørdag:
12.00-13.00: Små Vesen
13.30-14.30: Kinn
15.00-16.00: Vinje Bryggeri

SMÅ VESEN
Små Vesen er eit lokalt bryggeri fra Aurdal i Valdres. Her brygges øl med hjartet og med vekt på godt handtverk, lagspel med dei underjordiske og inspirasjon henta fra gamal folketru Du får helse på ivrige lokale bryggarar som tek deg med  på ei smaksreise gjennom Valdres.

VINJE BRYGGERI
Aasmund Olavsson Vinje vaks opp på gården Plassen i Vinje i Telemark. Frå samme fjellkommune kjem Vinje Bryggeri, eit spanande nytt bryggeri som brukar kjende, tradisjonelle og lokale råvarer når dei utviklar sine eigne øloppskrifter.

Vinje Bryggeri inviterer deg med på ei spanande reise i smak og lokale historiar.

KINN
Kinn bryggeri stiller igjen opp og ynskjer deg velkommen til ølsmaking på årets festival.

Om du også har ein lidenskap for gode smakar og godt øl, eller berre er nysgjerrig og har lyst å læra meir, er dette ein ypparleg moglegheit medan du nyter dagane på Vinjerock.

Bli med på ein spanande smaking der du blir betre kjend med Kinn sin handverksøl i engelsk og belgisk stil.