Gokarkurs

fredag 19.07 kl. 11.00
Vinjerock 2019: Gokarkurs

Tidspunkt: Fredag 11:00 - 14:00

Her er ambisjonen enkel - å lære bort eit festtriks eller to, i god Vinjerock-and. Til å gjera det har vi fått oppover to vyrde hallingdansarar!

Du treng korkje være kar eller særleg sprek for å vera med på kurset. Noko å imponere med frå lausdanstradisjonen, lærar du same kva.

Nemnde vi at både hattesparking og rævkrok er gode måtar å avgjere kven som er sprekast på?

Gradering: Grøn (sjå "Restriksjoner" under)

Utstyr:  Lette klede (Dropp olabukse og fjellsko om du kan)

Oppmøte: DNTs turinformasjon.

NB! Du må anten ha festivalpass eller jobbe som frivillig på Vinjerock for å kunne delta på denne aktiviteten.