Fisketur

fredag 19.07 kl. 10.00
Vinjerock 2019: Fisketur

Fisketur

Det er artigare å gå i fjellet om du kan fiske litt på vegen. Og same kva retning du tek vegen frå Eidsbugarden, er vegen kort til høgfjellsaure av beste sort. På fredagen under årets festival tek vi deg med til vatnet med dei feitaste og mest bitekåte.

På turen får du alle tipsa og triksa som fins i boka. For spinner er ikkje spinner, og sluk er på ingen måte berre ein sluk, når det kjem til å lure høgfjellsauren på land.

Gradering: Grøn (sjå "Restriksjoner" under)

Tidspunkt: Fredag 10:00 - 15:00

Utstyr: Ta gjerne med eige fiskeutstyr. Har du ikkje eige fiskeutstyr kan du anten låne av oss (Fondsbu har fiskestengjer til utlåns gjennom prosjektet «Fiskelykke». Eller du kan handle det du treng i Intersport Filefjell sin festivalbutikk.)

Inatur.no stiller med gratis fiskekort for til heile gjengen

Oppmøte:  DNTs turinformasjon.