Vinjerock 2019: Falketind

torsdag 18.07 kl. 08.00
Vinjerock 2019: Falketind (1)

Falketind - Pionerrruta

Turen startar frå Koldedalen og den fyrste etappen til foten av foten av Falkebreen er rimeleg lett. Her tek vi på oss breutstyr (breen kan vera relativt rufsete), og set kursen mot Falketinden over breen. Vi går av breen omtrent midt under lågste punkt av ryggen under Falketind. Her held pionerruta fram med enkel klyving. Det er aldri vrien fjellklatring på turen, men det er såpass luftig at vi nyttar tau. Den siste biten mot toppen er som ei sjarmøretappe til toppen som ruvar 2068 moh. 

Turen er i regi av Tyin Aktiv.

Gradering: Svart (sjå "Restriksjoner" under). God fysisk form og ikkje særleg utvikla høgdeskrekk er naudsynt for å melde seg på turen.

Tidspunkt: 

  • Torsdag 08:00 - 18:00
  • Fredag 08:00 - 18:00

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke

Vi stiller med alt naudsynt bre- og sikringsutstyr.

Oppmøte: Den store parkeringsplassen ved Fondsbu

Felles avreise frå festivalområdet og inn i Koldedalen med bil.

NB! Du må anten ha festivalpass eller jobbe som frivillig på Vinjerock for å kunne delta på denne aktiviteten.