Vinjepride

Vinjepride

Bli med på sommerens mest fargerike tur og Vinjepride 2019!

Me feirar kjærleik og mangfald i fjellet med regnbogetur til reinsdyret over Eidsbugarden. Me avsluttar turen med «homohour», god stemning og snille prisar i Solbaren kl 13:00. Bli med å syne at Vinjerock og friluftslivet er ein arena for alle, både heterofile og LHBTIQ-personar! 

Historia om Vinjepride byrja i 2018, då nokre frivillige på Vinjerock ville gjere noko ekstra for å fremje tanken om at fjellet er for alle. Vinjepride vart til, og for eit folketog det vart. I 2019 blir historia og folketoget gjenteke, og alle Vinjerockarar er velkomne til å bli med eldsjelene i feiringa. Turen er for deg - uansett om du er skeiv, undrande, støttande eller berre nysgjerrig og glad i litt ekstra støy.

Møt opp ved turinformasjonen klokka 11:30. Ta med deg sitteunderlag, nistepakke og noko godt på innerlomma. Oppe ved reinsdyret blir det apell og god stemning. Me sjåast!