Lågterskeltur til Vinjeknappen

lørdag 20.07 kl. 12.00
Vinjerock 15

Klar for ein hyggeleg tur med god utsikt? Denne turen passar for alle. Deg også.

Ein kortare tur til ein topp i nærleiken av Eidsbugarden. Det einaste du treng å gjera er å ta med litt klede, vatn og snacks og møte opp ved Turinformasjonen klokka 12.00.

Dagens tur går til Vinjeknappen. Me startar turen med å gå gjennom leirområdet og opp i fjellsida. På toppen kan me speide ned på telta og utover Bygdin, slik Aasmund Olavsson Vinje sikkert gjorde i si tid. 

Det er gratis å delta på turen, og inga påmelding på førehand.

25 plassar, første til mølla. Oppmøte ved Turinformasjonen. Turen vil vare omlag to timar.