Lågterskeltur til Sløtafjellet

torsdag 18.07 kl. 12.00
Sløtafjellet

For deg som vil ha ein fin tur som ikkje krev alt av deg eller dagen, utan påmelding.

Bli med på ein kortare tur der me går til ein av topp i nærleiken av Eidsbugarden. Det einaste du må gjera er å ta med klede, vatn, snacks og møte opp ved Turinformasjonen klokka 12.00. Torsdag går turen via Sløtatjern, opp til det fine utsiktspunktet på Sløtafjellet og ned att til Eidsbugarden. Turen tek rundt to timar. 

Det er gratis å delta på turen, og ingen påmelding på førehand.

25 plassar, første til mølla!