Lågterskelkurs - Pakke sekk/utstyr

torsdag 18.07 kl. 15.00
Ryggsekk

Blir du surrete i hovudet når sekken skal pakkast, eller kler du alltid på deg litt mykje? DNT deler sine beste tips. 

Lurar du på kva du eigentleg treng å ha med på tur? Me går gjennom sikkerheitsutstyr, lure bekledningstriks og ser på korleis vi kan gjenbruke for å spare lommeboka og budsjettet og få eit grønare friluftsliv. Når me har funne det riktige utstyret ser me på korleis me pakkar det, og korleis sekken blir best å bera.

Dette er et gratis introkurs. Det er inga påmelding på førehand. 20 plassar, førstemann til mølla. Oppmøte ved Turinformasjonen. Kurset varar i rundt 45 minutt.