Lågterskelkurs - Gnagsår

fredag 19.07 kl. 15.00
Gnagsårkurs

Gnagsår. Fysj! Lær tips og triks for å førebygge og behandle på tur.  

Kor irriterande er det ikkje å ha planlagt sommarens store høgdepunkt for så å få gnagsår allereie fyrste dag. Me går gjennom tips og triks på teiping med tensoplast, sportsteip og compeed. Om uhellet først er ute går me også gjennom ulike alternativ for å lindre smertene og behandle såret på en best mogleg måte. Sommarens nyttigaste kurs!

Dette er et gratis introkurs. Det er inga påmelding på førehand. 20 plassar, første til mølla. Oppmøte ved Turinformasjonen. Kurset varar omlag 45 minuttar.