ALFA sko presenterer: Foto-Workshop

fredag 19.07 kl. 12.30
IMG 7226

Lær å ta bilete som fortel ei historie når du er på tur! Fotograf Sindre Kolbjørnsgard gir sine beste tips til foto og redigering med mobil og kamera.

Sindre Kolbjørnsgard har dei siste åra gjennomført fleire store ekspedisjonar i både inn- og utland. I tillegg til å vera eventyrar, jobbar Sindre også som fotograf. Han har brukt bilda til å formidle sine ekspedisjonar til fleire nasjonale og internasjonale magasin. På Vinjerock skal han læra vekk sine beste tips for å ganga blinkskudda som fortel din turhistorie på best mogleg måte. 
Wokshoppen stiller ingen krav til forkunnskap, kamerautstyr eller god form. Her er det rom for alle. Ta med mobilkamera, fancy kamera, deg sjølv og ein porsjon nysgjerrigheit. 
Maks ti stykker, førstemann og kvinne til mølla.