Det er ei utruleg trist melding me må sende ut til våre vyrde Vinjerockarar no. Me må diverre avlyse Vinjerock 2020, som følge av myndigheitene sine tiltak for å kjempe mot korona-viruset. Helse og sikkerheit går først, sjølv om det skjer oss i hjarta å tenke på at vi ikkje skal samle glade vinjerockarar i fjellheimen i sommar. 

Sist oppdatert 27. april 2020

Dette er ein tung situasjon for alle som lever av å lage opplevingar for andre, også for Vinjerock. No er vi i tenkeboksen for å finne ut korleis vi kan bringe Vinjerock til deg på andre måtar. Den beste måten du kan støtte oss no, er å melde deg på nyheitsbrevet vårt for å få oppdateringar om vi kjem med alternative arrangement. Håpar du vil høyre frå oss!

Her melder du deg på nyheitsbrevet

Vi vil sjølvsagt gi alle som har festivalpass til Vinjerock 2020 pengane tilbake. Vi håpar å sjå dykk til fjells på neste festival. 

Billettkjøparar vil få ein mail med informasjon om full refusjon av festivalpasset til Vinjerock 2020 innan kort tid. 

Vinjerock er ein ideell organisasjon, der ingen tek ut utbytte. Alle pengane går inn igjen i å lage Vinjerock på Eidsbugarden, og i heilårsarrangement i lokalsamfunnet. For Vinjerock er den beste løysinga å refundere festivalpassa i år, og starte på null for neste festival. Vi forstår at nokre er skuffa over å ikkje få behalde festivalpasset, men Vinjerock er nødt til å gjere det slik for å få til å lage ein fullverdig festival til neste år.

Vinjerock er i ein litt spesiell situasjon, der vi har solgt ut alle festivalpassa våre. Og det er vi sjølvsagt utrulig glade for! Men vi er ein liten festival med våre 3000 festivalpass, og har veldig små marginar når vi arrangerer festival. På grunn av den sårbare naturen på 1060 moh har vi ikkje rom for å utvide antall festivaldeltakarar eller arrangere ein ekstra dag for å tene inn dei tapte inntektene fra 2020 - naturen er det viktigaste.

Vi oppfordrar dykk til å ta refusjon, og så vil vi stå på for å komme oss gjennom dette opp-ned-året på andre måtar og dermed ha så gode som mogleg forutsetningar for å invitere dykk til fjells att. Vi håpar de følger med på alternative arrangement som vi håpar å lansere for dykk Vinjerockarar.

Håpar de er forståelsesfulle, stolar på at vi gjer det som trengs for at Vinjerock skal overleve, og at vi ser mange av dykk til fjells om eit år!

Me har alltid visst at Vinjerockarane er noko for seg sjølv. Ikkje berre fordi de går på fest i bestefar sin gamle ullgensar eller er like blide i styrtregn som i sol - men fordi de har eit stort hjarte for festivalen vår. Fleire av dykk har allereie sagt at de ikkje ønskjer refusjon for festivalpassa ved avlysning. Vi kan ikkje skildre kor mykje det betyr for oss. Vi har difor opna for at dei som vil hjelpe oss gjennom 2020, står først i køen for å kjøpe festivalpass til neste festival. 

Som takk er du sikra å få kjøpe tilsvarande antall festivalpass til neste festival. Du får også ein unik, spesialdesigna Vinjerock-gensar i posten! Vi vil også trekke ein vinnar blant dei som velger å ikkje refundere ordren sin. Festivalpakka inkluderer lavvotell, gåvekort på matområdet på Vinjerock, og gåvekort på eit av kursa på festivalen. 

Ynskjer du å bidra til at Vinjerock kan leve videre? Meld deg på nyheitsbrevet vårt. Vi grunnar på gode idear og vil dele det med dykk om vi får moglegheita til å sette dei ut i livet!

 

Her kan du lese ofte stilte spørsmål