Det historiske har skjedd - vinjerock er med å bidra til at musikk blir gitt ut. Og ikkje kva som helst slags musikk, men Vinjefolk. 

Sist oppdatert 03. april 2020

I solnedgongen på Eidsbugarden i 2018 skjedde noko som ein sjeldan har opplevd før. Med Bygdin som bakgrunn dansa fleire tusen ungdomar skamlaust til tonane frå fele og banjo. Ved Rondane (Aasmund Olavsson Vinje/Hans Martin Austestad, mel: Edvard Grieg) og Etter ein rangel (Jakob Sande) ljoma mellom Jotunheimen sine tindar, i ein lydpakke få hadde høyrt tidlegare.

Foran scena snurra par i ullgenserar rundt i armane til kvarandre, ei improvisert jenka-lenke oppstod i mengden. Ikkje eit menneske stod i ro. 

På scena stod Vinjefolk, eit storband som spelte sin folkemusikk saman for fyrste gong. Dette hadde han nok likt, namnefaderen og rebellen Aasmund Olavsson Vinje. 

No gir bandet ut to låtar, og Vinjerock har vore med å bidra til utgivinga. 

"Etter Ein Rangel/Fitakaleerie" er ein tekst av Jakob Sande med trad melodi som er ein umiddelbar festklassikar i Vinjefolk sin versjon. Sarah-Jane Summers har komponert intrumentallåta som avsluttar sporet og på ein måte avrundar det hele til perfeksjon.

"Ved Rondane" er en hyllest til Asmund Olavson Vinje. Vinje sin berømte tekst har fått moderne utviding av vokalist Hans Martin Austestad, og Vinjefolk har sammen arrangert ut Edvards Grieg sin melodi. 

Høyr låtane her! 

Usexy bestillingsverk tok Vinjerock med storm

— Det finst ikkje noko så usexy som ordet bestillingsverk, sa Julie Forchammer, festivalsjef for Vinjerock våren før storbandet Vinjefolk oppstod.

Før Vinjerock 2018 sat ein gjeng og drøymte om kva dei ville sjå på Vinjerock. På ynskjelista stod skamlaus partymusikk for folk som ikkje kan noko om folkemusikk frå før.

— Eg tok en telefon til Asgaut Bakken (som festivalsjef Julie så klokt seinare har skildra som; folkemusikkedderkopp), som med sine tentaklar inn i folkemusikkmiljøet sette saman superbandet Vinjefolk, fortel bookingsjef på Vinjerock. John Olav Hovde. 

Usexyheita ved bestillingverk forsvann som dogg for sola, den sommarnatta i Jotunheimen. For Vinjefolk skapar lystig og frigjerande folkemusikk av slåttar som er kjende, i ei ny form som der ingen kan stå i ro.

Bandet leverte varene over forventning, og publikum svarte med spontandans så voldsom at festivalkjøkkenet blei fullstendig nedstøva. Jenkarekka kunne sikkert fått plass i Guiness rekordbok. Vinjefolk klarte å formidle folkemusikken på ein måte som Vinjerock-publikummet umiddelbart forstod, og sette pris på, fortel Hovde. 

— Dei er folkemusikkbandet verda ikkje visste den trengde, skreiv ein anmeldar frå Folkemusikk.no etter Osafestivalen på Voss.

Ladar opp til Vinjerock 2019

Bandet kjem sjølvsagt tilbake til Vinjerock 2019. Då blir dei meir dans, slåttar, felespel og alt me likar. No er det berre å høyre slåttane og trene gjennom dansestega nokre gonger. Me dansast til sommaren, vyrde Vinjerockarar!

—Forventningene er skyhøge. Fjoråret var debuten til bandet der dei til dei grader leverte. I år har de nokre jobbar bak seg og toppar laget med Tuva Syvertsen og Erik Solli fra Valkyrien i tillegg. Me må nok vera klare med vaskekosten på kjøkenet i år også, konkluderer John Olav Hovde. 

Det toppa laget i Vinjefolk lyder som fylgjer: 

På feler er det skotske Sarah-Jane Summers (Summers/Silvola, Siskin Quartet) og Erlend Viken (Erlend Viken Trio). På klimpreinstrument finn me Hans Martin Austestad (Earlybird Stringband, Løkki) på banjo, finske Juhani Silvola (Adjagas, Erlend Viken Trio) på gitar og Morten Kvam på kontrabass. Det heile blir toppa med Anders Lillebo (Stampestuen, Eau de Vill) på orgel og munnspel og Knut Ålefjær (Helge Lien Trio, Kristin Asbjørnsen), som trakterer trommer og perkusjon.