Det er duka for nok ein nabolagsfest i Vang 7. september når eindagsfestivalen #VårtNabolag inntek bygda for fjerde gong! Staden er Vang mottakssenter, tidspunket er frå klokka 13 til 17, festivalen er for ALLE og det heile er sjølvsagt gratis! 

Sist oppdatert 30. august 2019

– Eg gler meg veldig. Dette er den beste dagen i året, for då får vi vist fram mangfaldet og varmen som er her i Vang, seier Egil Bjørnsland ved mottakssenteret.

Denne gongen er artistane Aasmund Nordstoga, Miss Tati og dansekompaniet Panta Rei blant dei som står på scena, og det lovar godt for både god stemning og danserytmar.

Som tidlegare skal vi også høyre frå barnekoret og Nabobandet. Og er du blant dei som ikkje er den mest sjølvsikre på dansegolvet, kan du lære nokon triks når vi får eit aldri så lite dansekurs direkte frå scena med Jørn Hilme-stemnet. I tillegg blir det leik og aktivitetar.

– Vi har fått til eit veldig spennande program i år. Her er det noko for vaksne, noko for ungar og alle kan vere med å danse, seier Bjørnsland.

Som vanleg arrangerer Vinjerock dette saman med Vang mottakssenter, Vang frivilligsentral og Oslo World. Bebuarane på mottaket står for matserveringa, i tillegg til å opne heimen for oss. Vi får mellom anna smake vårrullar, zambusa og ei eritreisk gryte, kan mottaket fortelje.

Sjekk ut hendinga på Facebook for å få oppdateringar om arrangementet! 

Program

11-13.00: Danseverkstad med Panta Rei 

13.15: Aasmund Nordstoga

13.50: Panta Rei

14.10: Vang Barnekor

14.30: Miss Tati

15.05: Nabobandet

15.30: Halling med Hilme

16.05: Miss Tati DJ set