Det begynner å nærme seg både vår og sumar. Då passar det vel godt å kunne sleppe nokre gode nyheiter ein kan glede seg til fram mot juli! Tre band er booka og klare: Blomst, brenn. og No. 4! 

Sist oppdatert 03. april 2020

Blomst slepp straks eit nytt album som dei beskriv som ein rett-frå-levra statusoppdatering frå midten av 20-åra som fleire vil kjenne seg igjen i. Låtane er levert med ei stor dose garasjepunk-energi og dønn ærlege tekstar på norsk, framført av eit band som tar tak i deg frå første riff og med ein av Noregs beste rockevokalistar bak mikrofonen. 
 
I løpet av 2019 etablerte brenn. seg som ein av dei beste liveartistane i landet. Debutalbumet, Elsker, kom til verda i 2019, til stor mottaking av både fans og anmeldarar, og beviste for alle at brenn. har komme for å bli. Duoen vart nominert til «Årets liveartist» på P3 Gull 2019 for sitt energiske liveshow på festivalar som blant anna Roskilde, Malakoff og Øyafestivalen, men også på sine eigne klubbkonsertar.
 
No. 4 byr på både dans, tårar og allsang. På fem år har bandet rukke å bli eit av Noregs mest elska band. Med ærlighet, snert og ei unik evne til å sjå dei store historiane i det kvardagslege har No.4 gjeve ut to Spellemann-nominerte album og solgt tusenvis av billettar over heile landet.