Medan vi ventar på billettsleppet kjem vi med heile fem artistar den neste veka. Dei første som er klare er Bjørn Eidsvåg og The Good the Band and the Zugly. Det blir altså både udødelege klassikarar og brutal rock på Eidsbugarden i juli.

Sist oppdatert 03. april 2020

Bjørn Eidsvåg kjem endeleg tilbake. Han underheldt oss med dei vakre tekstane sine i 2016. Presten, «Losen» og Legenda har ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv og har gitt ut heile 25 studioalbum, no sist albumet «Alt eg ser» saman med Sigvard Dagsland. Han har ei unik formidlingsevne og ei rekke udødelege låtar som «Shalala» og «Mysteriet deg» som både unge og gamle har eit forhold til. Det blir nok allsongstemning i fjellheimen i 2020!

The Good the Bad and the Zugly fekk Årets Spellemann i Rock og er no klare for Eidsbugarden! Dette er fem utflytta hadelendingar som har spelt sidan 2011 og som set seg sjølv framfor bandet. Det resulterer i innvendt aggresjon og iskalde frontar ifølge bandet sjølv. Dei lovar at vi får sjå fem middelaldrande menn med middelmåtige ferdigheiter, som i fullt alvor serverer oss reint hat kledd ut som Hadeland Hardcore. Det blir høgt, brutalt, fort og rått! Det er berre å glede seg!

Foto: Janne Rugland / Andras Varga

 

Kva med å gå til Vinjerock?

Eventyraren og fotografen Sindre Kolbjørnsgard tok føtene og fjellheimen fatt og gjekk mot Eidsbgarden og Vinjerock i juli. Den 24 år gamle friluftsentusiasten vann Gnagsårprisen, som er ein konkurranse DNT ung har arrangert i fleire år. Prisen går til den vinjerockaren som har vore innom flest turisthytter på veg mot Vinjerock. Kolbjørnsgard starta turen sin 1. juli i Nesbyen. Han var mellom anna innom Hardangervidda, Hallingskarvet, Finse og Filefjell og besøkte 24 hytter på vegen.

– Målet med turen var å inspirere andre til å komme seg på tur, då eg også var eventyrar for Alfa på heile turen. Eg møtte mange andre, noko som var veldig spennande. Fordi eg gjekk åleine vart det lettare å komme i kontakt med andre, seier 24-åringen.

Kolbjørnsgard seier det er verdt det å gå til Vinjerock og tipsar dei som vurderer å gå om at ei av favorittrutene sine. Turen startar på Finse, der ein kan gå til Kongshelleren, Geiterygghytta, Iungsdalshytta, Bjordalsbu, Sulebu og ned til Tyinkrysset.  

– Turen er ikkje for kupert og har mange fine hytter, stigar og fine teltplassar. Men nesten uansett kor du startar vil du få ein kjempefin tur til Vinjerock for området rundt er så fint. Det er berre å kaste seg uti det. Noreg har så utruleg mykje fint å by på, seier eventyraren.

Og forresten kjem DNT ung kjem til å arrangere ei konkurranse fram mot festivalen i 2020 også. Følg med for å finne ut korleis du kan vinne billettar til Vinjerock i 2021!