Finn fram pride-flagget, få gode tips til kva fyrstehjelpsutstyr som bør vere med i sekken eller finn roen med ei yogaøkt under Vinjerock:FerdaMINI 8. august. 

Sist oppdatert 06. august 2020

Laurdag 8.august går Vinjerock: FerdaMINI av stabelen. Dobbelkonsertane med Ingebjørg Bratland og 9 Grader nord er sett til Tyinholmen, ved inngangsporten til Koldedalen og dei spisse tindane i Jotunheimen. 

Med begge artistar på plakaten både på dagkonserten og kveldskonserten, kan du legge opp dagen som du ynskjer utan å gå glipp av noko. 


DNT Ung kjem med fleire turleiarar for å sette opp eit aktivitetsprogram som gir ekte festivalkjensle. 

- Me håpar folk brukar denne dagen i fjellet, om det er på eiga hand eller på lågterskelaktivitetar med DNT Ung sine dyktige folk, seier festivalsjef Sigrid Skjerdal. 

Vinjepride-apell på Torshammaren

Fyrst på planen klokka 11.00 er ein lågterskeltur med turleirar frå DNT Ung til Torshammaren. Turen er omlag 2-3 timar opp og ned, og egnar seg for alle nivå. Det er eitt bratt part på stien omlag halvegs til toppen. 

Vel oppe på Torshammaren blir det Pride-apell med initiativtakarane til Vinjepride, John-Henry Shcieldrop og Oddmund Johannes Holmen Olsen. Ta med flagg, fargerike luer og god stemning! 

Påmelding til DNT-tur til Torshammaren med Vinjepride

 

Fyrstehjelp i fjellet

Korleis unngå grangsår på tur? Kva gjer du om kameraten din vrikkar ankelen, eller du finn ein medvitslaus person på stien? 

DNT Ung sine turleiarar held kurs i fyrstehjelp som er godt å kunne når du legg ut på tur. På dette kurset er det avgrensa plassar, for at alle skal få god og trygg oppfølging. Kurset byrjar klokka 15.30, når dagkonserten er ferdig. Det betyr at det fint kan kombinerast med både dagkonsert og kveldskonsert. 

 

Påmelding til DNT Ung: Førstehjelp i fjellet 

 

Fin flyten med Yomasofi

Katrin Moe køyrer ei økt med Ashtanga-yoga, som passar for alle nivå. Økta byrar 16.30, og du har god tid til å rekke å ta deg ein middag på Tyinholmen før konsert klokka 19. Yoga-økta er i regi av Yomasofi, og det vil vere deltakaravgidt.

Ta med eiget liggeunderlag eller yogamatte til denne økta. 

Påmelding til Yoga med Yomasofi

 

Tur på eigahand 

Om du ikkje vil binde deg til noko, er Tyinholmen eit perfekt utgangspunkt for turar i eigen regi. 

På Intersport Filefjell kan du leige syklar. Visste du at Koldedalsvegen forbi Tyinholmen er ein av to plassar i Jotunheimen det er lov å sykle med elsykkel? No veit du det! 

Ta kontakt med Intersport for leige av syklar her. 

Ellers er både Torshammaren og Sløtafjellet gode turmål, som ikkje tek heile dagen. For dei meir erfarne, er både Falketind og Uranostind moglege turmål før konsert klokka 19. Tyin Aktiv har også fjellførarar som kan ta deg med på desse rutene. 

Gode tips til turar i området kring Tyinholmen finn du på Ut.no.