Det du treng å vite om refusjon av festivalpass og vegen vidare.

Sist oppdatert 27. mai 2020

Det er med tungt hjarte vi avlyser Vinjerock 2020, som følge av myndigheitene sine tiltak mot korona-viruset. Helse og sikkerheit går først, sjølv om det er utrulig leit at vi ikkje skal samle glade Vinjerockarar i fjellheimen i sommar. 

Refusjon av festivalpass

Vi vil sjølvsagt tilby alle som har festivalpass til Vinjerock 2020 full refusjon for desse. Refusjonsskjemaet må fyllast ut innan 1. juni. 

Erfarne fjellfolk seier det aldri er for seint å snu. Vi har høyrt dykk, og er glade for engasjementet kring Vinjerock. Vi ynskjer difor å tilby alle som har festivalpass til Vinjerock 2020 moglegheita til å kjøpe like mange festivalpass til neste Vinjerock. Altså både dei som refunderer festivalpasset, og dei som velger å støtte Vinjerock ved å donere. 

Refusjonsskjema hos Ticketmaster

Vinjerock har valt å ikkje gi publikum moglegheita til å overføre billettar til neste år, men heller gi forkjøpsrett til neste festival. Det er fordi vi håpar å vere så sikre som mogleg på at festivalsommaren 2021 blir som normalt, før vi legg ut festivalpass for sal.

Vi kryssar fingrane for at festivalverda går tilbake til normalen, og at vi får lov til å samlast på Eidsbugarden om eitt år!

Vil du hjelpe Vinjerock vidare?

At festivalsommaren er avlyst set Vinjerock, og alle andre som lever av å lage opplevingar for andre, i ein tung situasjon. Vinjerock er ein liten organisasjon, tufta på mykje frivillig innsats. 

Om nokon ynskjer å gi eit bidrag for å hjelpe Vinjerock gjennom denne krisa, går det an å avstå frå refusjon. Bidraga vil gå til å halde organisasjonen i gang for å planlegge neste festival. Om du vil avstå frå refusjon, treng du ikkje gjere noko. Vinjerock tek kontakt etter 1. juni. 

Om du ikkje ber om refusjon av festivalpasset får du ein unik Vinjerock-genser, og er med i trekninga av ei tillegspakke som inkluderer lavvotell, gåvekort på festivalmat (verdi 1000 kr) og deltaking på eit valfritt kurs under festivalen for to personar.

Meld deg gjerne på nyheitsbrevet vårt for å få oppdateringar frå Vinjerock. Håpar du vil høyre frå oss!

Lurar du på om det er andre måtar å støtte på? Du kan til dømes leige ein Vinjerock-lavvo hos Vandre.no og ta ein tur til fjells. Hold Vinjerock-stemninga ved like med dei du helst ville vore på festival med!