Armbandet ditt er lommeboka du bærer med deg på Vinjerock. Fyll på før festival, og få direkte refusjon av det som er att når festlegheitene er over. 

Sist oppdatert 06. juli 2019

Vinjerock 2019 er rett om hjørnet, og det betyr at du kan byrje med nokre førebuingar for å vera klar til avgang.

Vinjerock nyttar den elektroniske betalingsløysinga Intellipay, og betalinga skjer med RFID-armband. Det betyr at armbandet ditt har ei brikke på seg, som fungerer som lommebok under festivalen. Det gir kortare køar, kjappare betaling og lettvint refusjon for deg som festivalpublikummar.  

Slik går du fram for å legge inn pengar på armbandet ditt: 

1. Opprett konto

Gå inn på https://vinjerock.pay.intellifest.com.

Klikk på «Registrer din konto her». Følg deretter instruksjonane på skjermen og fyll ut naudsynt informasjon. 

No har du din eigen konto! Om kort tid skal det dukke opp ein e-post i e-postkassa di, der du må bekrefte oppretting av kontoen din.

NB: Vi opplever at mange hotmail-brukarar ikkje får bekreftelsesmailen, me anbefaler difor å bruke ei anna e-posttjeneste enn hotmail for å registrere seg.

2. Registrer armbandet ditt

Gå inn på «Mine armband» øvst på sida og deretter vel du «Eg har armband». Tast inn dei to talkombinasjonane som står på baksida av chipen på armbandet ditt og du er registrert. Sikkerheitskoden er nummeret med fem siffer nedst på chipen, medan armbandsnummeret står på dei to øvste linjene og består av 16 siffer. 

Slik ser baksida ut:

3. Fyll på pengar


Når armbandet er registrert, kan du fylle på pengar inne på kontoen din du no har registrert på Intellipay.

Det vil også vere mogleg både å fylle på kontoen og sjekke saldo på stasjonar inne på konsertområdet. Til dømes får du beskjed om kor mykje pengar som er att kvar gong du betalar for noko. 

Automatisk påfylling

Aktiverer du denne funksjonen og legg inn kortdetaljane dine, vil kontoen din automatisk fyllast opp med 400 kronar kvar gong saldoen på armbandet ditt er under 200 kroner. Då slepp du å gå glipp av den bakte poteten heilt på slutten av kvelden!

3. Gå på festival!

4. Refusjon

Når festivalen er over, vil du som har registrert armbandet på internett i forkant få refundert pengane som er att heilt automatisk. 

Fylt på pengar i Bongbue?

Om du ikkje har registrert deg før festival, men fylt på i Bongbue på festivalområdet under Vinjerock, må du inn og registrere armbandet på https://vinjerock.pay.intellifest.com for å få refundert restbeløpet.

Det var ikkje så vanskeleg, eller? 

Usikker på korleis du skal komme deg til Vinjerock? 

Avreisedagen kjem også stadig nærmare, og då gjeld det å vera godt organisert for å kome seg til fjells på mest mogleg lettvint måte. 

Om du bur i ein av dei store byane her i nedre halvdel av landet, kan du ta Ubekymra-bussane. Det er framleis nokre ledige plassar på nokre av avgangane. Bussane går frå Trondheim, Oslo, Sandvika og Bergen, og tek deg direkte inn på festivalområdet. 

Billettane finn du på Ticketco.no. 

Tenker du å køyre bil? Meir kos, mindre eksos, er vårt slagord. Køyr saman, så blir det både mindre å betale i parkeringsavgift og det er betre for kloden. Sjekk ut gruppa Vinjeskyss 2019 på Facebook om nokon skal same veg som deg! 

Elles finn du all informasjon parkering og transport på denne sida, mest truleg finn du svar på det du lurar på der. 

Me tel dagar og gler oss så det knakar, sjåast om eit par veker!