Skal du henge med Vinjerock-gjengen din i sommar? Syn oss korleis de lager festivalstemning. 

Sist oppdatert 17. juli 2020

Det er saa viktig aa kosa seg!

Laurdag 8. august sender Vinjerock live frå Tyinholmen i Vang. Me skal putte festivalstemninga på flaske og sende den ut gjennom skjermen til deg, og det blir rett og slett ein skikkeleg koseleg dag.

Set opp skjerm i hagen og inviter gjengen over. Bli med frå teltet i fjellet, eller ha Vinjerock-stemninga i bakgrunnen gjennom dagen. De får tips og triks til å lage Din egen Vinjerock her i hendinga.

Billettar til stream kjem.

Denne laurdagen byr me på kurs, konkurransar og skrøner frå festivalen - nokre av ingrediensane som gjer Vinjerock til Vinjerock. Ikkje minst blir det kåring av Årets Vinjerock-Camp gjennom sumaren 2020.

Streamen vert avslutta med ein stemningsfull konsert med Ingebjørg Bratland og 9 grader nord.

Lag Din eigen Vinjerock!

De treng sjølvsagt ikkje vente til 8. august med å lage Din eigen Vinjerock.

Me gir deg nokre tips og triks for å lage festivalstemning på 1-2-3, om det er på hytta, i hagen eller på fjellet.

Her finn du eit forslag til Multisport for vennegjengen

 

Utan mat og drikke, blir festen kort. 

Her finn du oppskrifta på Vinjerock-burgeren med ølsylta raudkauk og vinjerock-blandings!

Oppskrift

Lag festivalstemning til helga, ein vanleg tysdag eller saman med oss den 8. august. Og du? Me kårar sjølvsagt Årets Vinjerock-camp gjennom sumaren 2020.

Konkurranse: Årets Camp

Me reknar med at de stikk til fjells, til sjøs eller til skogs og kosar dykk i år som før. Klarer de å syne oss at Vinjerock-stemninga lever i år også?

Kriteria for Årets Camp 2020 er:
- De er rå på sporlaus ferdsel i fjellet, og deler dei beste triksa de har i ermet
- De har planlagt turen og er førebudd på vêr
- De er kreative og lagar koseleg stemning i leiren
- Og klarer å syne oss dette gjennom å tagge #dinegenvinjerock og #åretscamp2020!
- Det beste bidraget får 4 festivalpass til neste Vinjerock.

Kåringa skjer på livesendinga 8. august. Me gler oss til å sjå korleis de skapar Vinjerock-stemning på tur i sumar!

Nøyaktig program og lenke til stream kjem.

Din eigen Vinjerock er laga med støtte frå Kulturrådet, Eidsiva Bredbånd, Valdres Sparebank og i samarbeid på program med Den Norske Turistforening (DNT).

Pakkeliste frå Vinjestaben

Lavvo eller telt 

Høgtalar og ein skjerm (for å sjå Din eigen Vinjerock den 8. august)

Batteribank

Årgangsmerch eller heimestrikka merch frå Vinjerock 

Snyltekopp 

Myggspray 

Solkrem eller sydvest 

Primus og gass 

Discokule 

Kaffi og noko godt attåt 

Ullgenser og ullsokkar

Kart og kompass