Når beina er slitne etter fjellturar og dansing, er det godt å late hovudet få sin del. Det sørger eit lass med gode historieforteljarar for på Vinjerock.

Sist oppdatert 13. mai 2019

Gode forteljingar, skrøner og sanningar er ein del av Vinjerock si sjel. Historiane sit i fjella, i veggane på Aasmund Olavsson Vinje si bu og i tappetårna i Rosa Constance sin bar me set opp år etter år.  Gjennom festivalen sørger gode foredragshaldarar av all slags karakter for at gode historiar fyller parkscena og Vinjebue.

I år er ikkje noko unntak. Den fyrste gjengen med foredragshalderar me presenterer for Vinjerock 2019 byr på ei samling små og store eventyr. Nokre lokkar fram tårer og nokre lokkar fram latter, og alle pirkar i eventyrlysta. 

Små og store eventyrarar

Ein februardag i 2017 vart sørlendingen Andreas Vold fanga i skred på skitur i Sogndalsdalen. På Vinjerock fortel Andreas historia om folka som var med å redde eit liv, og kampen for å kome seg tilbake til livet og kvardagen med kona i Sogndal. Bli med på Andreas si reise, og historia som rører og inspirerer oss til å skaffe kunnskapen som trengs for å halde oss trygge når me leikar i fjellet.

Petrine Solli bestemte seg ein sommardag i 2017 for å bruke heile sommarferien på å oppleve Noreg si kystlinje. Fem dagar seinare la ho i veg frå Alta mot Bergen, med eit delmål om å nå Vinjerock i tide. DNT ung presenterer reisa, og du kan bli med.

Daddy, eller Alexander Read som han eigentleg heiter, har ein sjef. Det er Mina Floriana, treåringen som har vore på fleire ekspedisjonar enn dei fleste av oss. Saman legg radarparet ut på tur. Veke etter veke, vinter og sommar. Dette er historia om jakta på dei enkle, men verdifulle turaugneblikka, om ukonvensjonell barneoppdragelse på 1600 meter og kanskje nokre barnetårer. Om korleis vegar som blir til når turleiaren i front er tre år gamal og på jakt etter troll og magi.

WWF sin skogbiolog Trude Myhre vaks opp i skogkanten i Vestfold, og er over snittet glad i tre, skog og tur. Den trufaste turkameraten er trøffelhunden Coco, som snusar opp godsaker i bakken som biologen sjølv ikkje klarer å finne. I 2017 gjekk Trude Myhre 700 kilometer langs pilegrimsleden frå Klima- og miljødepartementet i Oslo til Miljødirektoratet i Trondheim for å rette søkelyset på behovet for auka skogvern i Noreg før valet. I sommar tek biologen oss med på reisa.

Foredraga går føre seg på Parkscena og i Vinjebue. Tidspunkta finn du i programmet.