Det er nokre månader sidan Eidsbugarden var fylt opp av glade vinjerockarar og vinteren er rett rundt hjørnet. Då er det vel på tide å begynne opplading til neste års kalas, er det ikkje? Det er berre å førebu både dansehoftene og rockefoten, for Miss Tati og Oslo Ess er klare for fjellfestival!

Sist oppdatert 21. november 2019

– Dette er eit heilt topp artistslepp for oss. Det speglar på mange måtar breidda vil presentere, seier bookingsjef for Vinjerock, John Olav Hovde.

Rockebandet Oslo Ess kjem endeleg til Eidsbugarden for aller første gong! Dei er eit av dei mest spelande banda vi har. Dei har toppa VG-lista, hatt 12 radiohits og har spelt i alle krikar og krokar av landet. I 2020 fyller bandet 10 år, og har bagen full av nye låtar og entusiasme når dei kjem til Vinjerock.

– Vi vart oppriktig sinnsjukt glade då vi høyrte at dette var i boks. Vinjerock, altså, vi trudde aldri de skulle spørje, seier vokalist og gitarist i bandet, Åsmund Lande.

Dei har spelt på turisthytta, Gjendebu i 10 år og lovar eit rabalder når dei endeleg kjem over fjellet til Eidsbugarden. Vokalisten seier dei ikkje har vore der sidan dei turnerte Jotunheimen på ski og med hundesledar i 2009.

– Men den historia tek vi når vi kjem opp til sommaren. Vi sjåast!, seier Lande.

– Det er veldig stas å endeleg ha Oslo Ess på plass. Bandet feirar 10 år og då var det rett høve å få dei til Eidsbugarden for første gong. «Rett i trynet-rock» med Oslo Ess sitt nivå på låtane slår sjeldan feil, seier ein nøgd bookingsjef, John Olav Hovde.

 

Miss Tati lovar god kok!

Miss Tati kjem tilbake til fjellheimen, denne gongen med Angola70-prosjektet sitt. Den bergenske artisten har røter frå Angola, som var ein portugisisk koloni i 400 år. Då var det forbode å snakke nasjonalspråka. Med Angola70 tek Miss Tati tilbake makta gjennom å synge på både portugisisk og dei angolanske språka. Musikken er ein miks av pop og afropop som stammar frå nettopp Angola på 70-talet då det var borgarkrig i landet. Ho tek med seg eit knippe musikarar frå Bergen og det blir crispy perkusjonsinstrument, tydelege gitarar, sterk vokal og dødelege rytmer som har prega dansegolva verda over i lang tid. Det blir garantert både heitt, sveitt og god kok på festivalområdet til sommaren!

– Det er spennande å få tilbake ein av våre festivalgjengangarar med det nye prosjektet Angola70. Eg har ikkje sett denne festen av eit afropop-storband enno, men rapportane er ekstatiske og eg spår ein 2020-høydare her, seier Hovde.

Bookingsjefen seier fleire artistar er på plass og lovar at det er mykje spennande i vente.

– Vi gler oss veldig til å presentere fleire artistar utover hausten. 2020 blir eit strålande år! 

 

Billettane kjem snart

Still inn alarmane på 29. november klokka 12, for då slepp vi billettane til Vinjerock 2020. Det gjeld som alltid å vere rask på labben. Som før blir det førehandssal for DNT-medlemmar, og rett over nyttår kan ein melde seg som frivillig. 

Når datoen nærmar seg kjem det meir info om kor dei blir å finne her, så følg med!