Kva med eit siste, heidundrande artistslepp? Jatakk.

Sist oppdatert 19. mai 2019

Ingenting toppar søndagskjensla meir enn vissheita om at det er knappe to månader til Vinjerock, og at desse artistane også blir med oss til fjells:

Boy Pablo. Bergensaren Nicholas Pablo Munoz og bandet hans har vunne verda med sin varme indiepop. Frå viral suksess på interwebben og turnering i utlandet, til fjellheimen og Vinjerock.

Hajk. Kritikarfavoritt sidan deira fyrste plate såg verdas lys i 2017. Med ei blanding av analoge og digitale lydar, tre vokalistar og liveband gjer Hajk det dei kan for å vera nyvinnande og ambisiøse. Eit band med groove, på jakt etter meir medmenneskelegheit i verda.

Johanne Flottorp. Spelekvinna frå Åmli har ein kraftig og energisk stil på hardingfela. I slåttane sine tek ho vare på det tradisjonelle, og gjer det om til sitt med sin heilt eigne spelestil.

Kickslip. Dei to trommisane miksar sitt favorittinstrument med våre favorittlåtar på dansegolvet. I fjor fekk dei bakken til å riste på Eidsbugarden, og me tek gjerne ein ønskereprise.

MaidaVale. Svenske psychorockarar som skapar uhemma eksperimentell rock, og bryt med alle forventningar du måtte ha.

Orions Belte med Ånon. Dei spelar instrumental musikk inspirert av nigeriansk rock frå 70-talet, postkort frå den franske rivieraen og då Joe Frazier slo Muhammad Ali i ‘The fight of the century’ i 1971. På Vinjerock får dei med seg stortalentet Ånon, og me kan venta oss ei musikalsk reise utan like.

DJ Herkules & Silje Larsen Borgan. Førstnemde er ein av dei legendariske DJ’ane innan urban klubbmusikk i Norge. Sistnemde lærte kunsten å DJ’e av Herkules for ti år sidan, men står mildt sagt trygt på eigne bein i dag. Du ser ho både i duoen Hoetell og i musikkverda for øvrig. Me gler oss til desse to skal få oss til å danse.

Danse skal me også gjere når The Gamasamas og DJ Koselars tek oss med på Swingnachpiel ved Bygdin sine breidder. Rock ‘n roll er her for å bli, og klassikarar frå The Beatles og Beach Boys skal vekke opp eventuelle gløymde rockefotar. Dj KoseLars har i alle år vore sidekick for Mia og Bells sin festivalquiz, og alle som har vore på den kan nikke samtykkande til at me alle skal få dansa ordentlig ut til dei sylfrekt samansette låtane. 

Tonje Halbjørhus befinner seg i krysningspunktet mellom folk, visepop og americana. Hallingdølen skriv og produserer sine eigne låtar, og tek oss med inn i eit landskap av håp og kvardagsmelankoli.

Sjekk ut alle artistane her!