Vinjerock er ein av landets mest populære musikkfestivalar, med ein solid merkevare og lojale partanarar og samarbeidspartnarar som har vore med oss i mange år. No ønskjer me å utvikle attraktive konsept i samarbeid med både eksisterande og nye, då treng me ein dedikert, visjonær og ryddig partnar- og økonomisjef. 

Sist oppdatert 22. september 2022

Vinjerock søkjer partnar- og økonomisjef 

Som partnar- og økonomisjef har du ansvar for å følgje opp eksisterande og hente inn nye partnarar, i tråd med Vinjerock sine verdiar. Du elskar å finne spanande måtar å aktivere samarbeidet i knutepunktet mellom festivalen og partnar, og sørgje for at desse aktivitetane blir gjennomført. Du jobbar både opp mot privat næringsliv og andre aktørar det er naturleg for Vinjerock å samarbeide med. 

Du er òg ansvarleg for å følgje opp den daglege økonomiflyten i festivalen, herunder mellom anna bilagshandsaming, oppfølging av rekneskapsbyrå, rapportering til styret og utarbeiding av budsjett saman med dagleg leiar. Du er òg glad i å søkje og rapportere på midlar, og ønskjer å finne ut korleis Vinjerock kan drivast på best mogeleg måte. 

Så om du drøymer om å flytte nærare fjell og natur? Om å ha skiløyper, 2000-meterstoppar og stiar utanfor stovedøra? Om å ha ein inspirerande jobb i eit kreativt kontorfellesskap i fagre Vang i Valdres? Då er det deg me leitar etter. Få stillingar kombinerer festival, musikk og naturopplevingar som ein jobb i Vinjerock gjer. 

Vinjerock er ein musikk- og friluftsfestival på Eidsbugarden i Jotunheimen. Festivalen har vore arrangert sidan 2006, og har vore utseld kvart år sidan 2009. Musikken er grunnmuren i festivalen, men turar, aktivitetar og lokalmatopplevingar er viktige brikker i totalopplevinga Vinjerock. 

Vinjerock har fem verdiområde med særleg fokus:

  1. Kultur- og naturglede
  2. Nynorsk
  3. Lokalt rotfeste
  4. Openheit 
  5. Berekraft og inkludering

Me søkjer deg som:

  • Har relevant utdanning, kompetanse og erfaring med økonomi og sponsorarbeid (relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande relevant utdanning)
  • Tykkjer at tal er spanande, excel er din beste ven og du elskar gode system
  • Er resultatorientert, kreativ og strukturert
  • Trivst med ein variert arbeidskvardag med ulike oppgåver
  • Brenn for å jobbe med våre viktigaste verdiar

Vinjerock har kontorplass i Vang og med vår lokale forankring er det også naturleg at vår partnar- og økonomisjef har kontorplass i vakre Vang i Valdres. Me er og behjelpelege med eventuell flytting og å finne bustad om ønskjeleg. 

Me tilbyr:

  • Spanande stilling i ein etablert og suksessrik festival
  •  Ein jobb med stor grad av påvirkningskraft og medvirkning til korleis Vinjerock skal utvikle seg og sjå ut.
  • Arbeidsplass på Kontorfellesskapet 1724 i Vang i Valdres
  • Ein fleksibel arbeidskvardag og eit godt arbeidsmiljø 
  • 100 % fast stilling 
  • Løn etter avtale

Søknadsfrist 17.10.22

Me veit mangfald skapar betre resultat, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Søknad og CV sendast per e-post til dagleg leiar Guro Furunes Pettersen, guro.furunes@vinjerock.no. 

Spørsmål om stillinga kan rettast til same e-postadresse eller på telefon: 91751135