Sjå hit om du har lyst på ein jobb som ikkje er A4. 

Sist oppdatert 28. mai 2019

Drøymer du om å flytte nærare fjella? Om å ha skiløyper, 2000-meterstoppar og stiar utanfor stovedøra? Om å ha ein inspirerande jobb i eit kreativt kontorfelleskap? Då er det deg me leiter etter. 

Etter eit lass solid gjennomførte festivalar takkar Julie Forchhammer for seg, og leverer festivalsjef-hatten vidare etter at Vinjerock 2019 er avvikla. No skal Forchhammer jobbe for klima og miljø på heiltid.

Det har vore fantastisk å få jobbe med Vinjerock i over fem år no. Eg tror verkeleg det må vera verdas beste jobb! No skal jeg ta interessa mi for klima og miljø eit hakk vidare. Mitt ønske er å bli buande i Vang og jobbe fulltid med klima og kultur frå hausten av, seier den avtroppande festivalsjefen.

Det betyr at det er ein kontorplass ledig i Vang i Valdres for den som vil vera med å lage Vinjerock. Styreleiar Jørgen Aass seier dei leiter etter ein person som vil halde fram med å gjera Vinjerock til ein festival som ikkje berre lagar fest og moro, men bidreg til lokalsamfunnet og vil utvikle festivalen innan fokusområda. 

— Me leiter rett og slett etter ein festivalsjef som har begge beina godt planta i fjellskoa, som drøymer om å endre verda og som ikkje er redd for å stå ute i vind og vêr saman med resten av gjengen når det røyner på. Sist me leitte etter ny festivalsjef fant vi ei dansk storbyjente som aldri hadde sove ute i telt. Ho har gjort ein heilt fantastisk jobb. Kjenner du deg kalla, så søk!

Stillinga lyder som følger: 

Stilling ledig: Festivalsjef for Vinjerock

Vinjerock er ein musikk- og friluftsfestival på Eidsbugarden i Jotunheimen. Festivalen har vore arrangert sidan 2006, og har vore utseld kvart år sidan 2009. Musikken er grunnmuren i festivalen, men turar, aktivitetar og lokalmatopplevingar er viktige brikker i totalopplevinga Vinjerock. 

Festivalen søker no etter ny festivalsjef til 100 % fast stilling.

Vinjerock har fem område med særleg fokus:

  1. Kultur- og naturglede
  2. Nynorsk
  3. Lokalt rotfeste
  4. Openheit
  5. Berekraft og inkludering

Arbeidsoppgåver:

Som festivalsjef har du det øvste ansvaret før leiing og utvikling av festivalen - som har 700 frivillige og 30 godt kvalifiserte medlemmar i staben som tenker Vinjerock heile året.

Me søker deg som:

  • Har samlande evner og gode leiareigenskapar
  • Er engasjert, har god evne til samarbeid og er fleksibel med omsyn til arbeidstid
  • Har erfaring med produksjon av arrangement.
  • Har erfaring med økonomi og/eller god økonomisk forståing
  • Er visjonær og som ønsker å gjera festivalen stadig betre i samarbeid med stab og frivillig
  • Kjenner ein brennende lyst til å jobbe med våre fokusområde

Me tilbyr:

  • Spanande stilling i ein etablert og suksessrik festival
  • Arbeidsplass er på Kontorfellesskapet 1724 i Vang i Valdres
  • Lønn etter avtale

Søknadsfrist 31.05.19

Søknad og CV sendast per e-post til styreleiar Jørgen Aass - jorgen@jaass.no.

Spørsmål om stillinga kan rettast til same e-postadresse eller på telefon: 40 63 38 27

Du kan også søke på stillinga gjennom Finn.no.