Gjer deg klar, for fredag 29. november klokka 12.00 kan de endeleg kjøpe festivalpasset til Vinjerock 2020.

Sist oppdatert 29. november 2019

Billettane til festivalen finn du på nettsidene til Ticketmaster. Dei blir lagt ut på slaget klokka 12, og det gjeld som vanleg å vere rask på labben, for billettane brukar å ryke ganske så raskt. 

Det er lurt å logge seg inn i Ticketmaster i god tid. Vi har fått tilbakemeldingar om at det er trøbbel med nokre nettlesarar, så test ulike for å vere sikker på at du kjem deg inn før salet startar!

 

Her finn du dei ordinære billettane

DNT-medlem? 

Til deg som er medlem av Den Norske Turistforening er ventetida eit par dagar kortare i år også. DNT-medlemmar kan få kloa i billettar allereie onsdag 27. november klokka 12. Det er lurt å sjekke ut info om kva du treng å ha klart til førehandssalet på nettsidene til DNT.

Kort fortalt: For å kjøpe rabattert festivalpass gjennom DNT må du ha tilgjengelig ditt medlemsnummer som viser at du er medlem i Turistforeningen i 2019. For å nytte DNT-festivalpass må du også vere medlem når Vinjerock 2020 går føre seg. 

Her finn du til førehandssalet til DNT!

Slik funkar køsystemet til Ticketmaster

Det er stor førespurnad etter billettar. Billettsystemet til Ticketmaster er satt opp for å handtere trøkket. Det funkar slik at det blir aktivert ein kø som skal gjere prosessen mest mogleg smertefri for alle. Før sleppet hamnar du i eit «venterom». Når billettane blir sluppe hamnar du i ei kø. Det er tilfeldig kor i køen du hamnar, og dei som står i den kjem gradvis inn for å ta ut billetten når serverane har ledig kapasitet.

Sats på opplevingar, ikkje utstyr

Den same dagen vi legg ut dei ordinære festivalpassa til Vinjerock, arrangerer DNT Ung-grupper over heile landet byttedagen «Grøn fredag»! Nordmenn er blant dei i verda som brukar mest pengar på sportsutstyr og vi kastar utruleg mykje.

– Grøn Fredag er ein motpol til kjøpshysteriet under «Black Friday», seier rådgjevar, Henrikke Ulvund i DNT Ung.

Det er ein byttedag der ein kan møte opp og bytte vekk, gi vekk eller selje utstyr og sportsklede ein ikkje brukar lengre. Mange har kanskje ting i boden som ikkje blir brukt og kan ein nytte sjansa til å gi det vekk til nokon som treng det.

– Utstyret kan vere eit verkemiddel for gode naturopplevingar. Men ein treng ikkje den nyaste jakka eller det dyraste utstyret for å få dei gode naturopplevingane, seier Ulvund.

Sjekk ut kor du finn ditt næraste «Grøn fredag»-arrangement her:

Grøn Fredag-arrangement

 

Førehandssal for Valdrisar

Bur du i Valdres har du moglegheit til å sikre deg eitt festivalpass på førehandssalet vårt. Måndag 25. november er det utsal i Valdres Sparebank i Vang. Og tysdag 26. november hos Gjensidige Valdres på Fagernes.

 

 

Viktig info om billettsalet:

- Når billettane kjem ut hamnar du i ei kø, og det er tilfeldig kor i den du hamnar.

- Billettane dine blir reservert i ti minutt, men det er lurt å ha registrert brukarprofil hos Ticketmaster på førehand.

- Det har ikkje så mykje å seie å vere ute i god tid, men ver der når salet startar!

- Plasseringa i køen er eit slags lotteri, likt for alle og rettferdig.

- Det hjelper ikkje å bruke fleire nettlesarar for å auke sjansa di.

- Det hjelper ikkje å oppdatere nettlesaren, for systemet har kontroll på kor i køa du er.

 

Her finn du billettane som blir lagt ut 29. november klokka 12.

Her er lenke førehandssalet for DNT-medlemmar 27. november klokka 12.