Festivalsjef gjennom fem år, Julie Forchammer, tek til på nye utfordringar. Vinjerock si nye festivalleiing blir henta frå eigne rekker. 

Sist oppdatert 22. juli 2019

Julie Forchhammer trer av etter ein solid gjennomført festival. Etter fem år som Vinjerock sin festivalsjef, skal ho vie enda meir av tida si til miljø- og klimaarbeid i kulturfeltet. 

—Det har vore dei mest innhaldsrike åra i mitt liv. Det har vore snø, tørke, regn, sol og fem fantastiske år i Vinjerock. Vinjerock er er ein unik festival med eit publikum som eg har blitt utruleg glad i, og ein organisasjon som er sinnsjukt jovial og morsom å jobbe med, seier Julie Forchhammer. 

Festivalbransjen og Vinjerock har jobba med klimakutt lenge, og Forchhammer ynskjer å bidra med erfaringane herfra til resten av kulturbransjen. Sjølv blir ho buande i Vang. 

Hentar leiing frå eigne rekker

Dei neste åra skal Vinjerock styrast av ein leiartrio som alle har vore med i Vinjerock sin stab gjennom fleire år. 

Ingebjørg Blomlie Müller er økonomisjef, og vil halde styr på skuta frå kontorfellesskapet 1724 i Vang frå januar, når ho kjem tilbake frå mammapermisjon. Fram til då held Mariann Bjørnelv ei sikker hand på pengeskrinet. Boye Skøre har hatt stålkontroll som områdesjef i fleire år, og trer inn i rolla som nestleiar i festivalen. Festivalsjef og dagleg leiar blir Sigrid Skjerdal, som har vore med som redaktør for festivalradio og hatt ansvar for PR og presse dei siste åra.

Leiinga vil jobbe saman frå Vang og kontorfellesskapet 1724, og overtek for avtroppande festivalsjef i september. 

—Me er utrulig glade og audmjuke for å få lov til å halde fram å lage Vinjerock med ein så fantastisk kunnskapsrik og engasjert gjeng som staben og dei frivillige er. Me håpar og trur at vi kan lage gode festivalopplevingar for publikummet vårt framover, og gler oss til å sette i gong med planlegginga av Vinjerock 2020, seier den påtroppande festivalleiinga. 

Kjem tilbake, om ho får tak i festivalpass

— Vi i styret er veldig glade for at vi har fått til denne løysinga, og gler oss masse til mange spanande festivalar med verdas beste stab, verdas beste frivillige og ei leiing som sørger for at alle får gjort den jobben dei er best på, seier styreleiar Jørgen Aass.

Også avtroppande festivalsjef forlet leiarstillinga med kvilepuls, og gler seg til å komma attende som besøkande Vinjerockar. 

— Eg er sikker på at staben og dei frivillige kjem til å lage mange fleire feite festivalar her oppe på Eidsbugarden, og eg gler meg til å delta som publikummar. Om eg får tak i festivalpass, då, avsluttar Julie Forchhammer.