Under Vinjerock er det kvart år rundt 600 personar i sving for å lage gode opplevingar for festivalfolket. No kan du endeleg melde deg til å bli ein del av laget.

Sist oppdatert 03. april 2020

– Eg starta sjølv som frivillig, og det eg sette mest pris på var det å føle at ein er ein del av å lage noko heilt spesielt i fjellet. Her er det eit godt miljø og godt samarbeid, seier Sophie Bergaust, som er frivilligsjef.

Som frivillig får du festivalpass og ei frivilligpakke med all infoen du treng. Alle får litt fritid til å nyte konsertane og festivalen. Du får også moglegheit til å vere med på ei heil helg med kickoff for dei frivillige i juni.

 Her finn du søknadsskjemaet

Frivilligsjefen seier dei frivillige må vere budd på at dei får brukt kroppen godt under festivalen, og at ein får nokre fine dagar på jobb 1060 m.o.h. 

– Vi er gode på å ta vare på kvarandre der oppe og det er mykje god stemning og godt humør, seier Bergaust.

Når du søker som frivillig, aksepterer du automatisk frivilligkontrakten, trykk HER for å lesa igjennom. Les all praktisk info om å vere frivillig HER

Tips til frivilligsøknaden

Det er mange som søker om plass som frivillig til Vinjerock. Det trengs rundt 600 personar og i fjor var det om lag dobbelt så mange som søkte. Frivilligsjef, Sophie Bergaust har difor nokre tips til deg som skal i gang med søknaden no.

1. Skil deg litt ut

– Ikkje skriv at du søker om plass som frivillig, fordi du ikkje greidde å få tak i billett. Prøv heller å finne ein måte å bli lagt merke til. Vi har fått både dikt og sangar i søknaden. Du treng sjølvsagt ikkje gjere det, men hugs på at vi går gjennom ganske mange søknadar så det er lurt å skilje seg litt ut.

2. Skriv kort, men godt om deg sjølv

– Det er viktig at vi får eit skikkeleg inntrykk av kven du er og kvifor du passar som frivillig her. Men prøv å halde teksten nokså kort.

3. Dobbelsjekk telefonnummer og epost

– Det er viktig at vi får tak i deg med informasjon. Sjekk derfor at du har skrive rett kontaktinfo. Vi har også hatt litt trøbbel med nokon epost-tenester. Unngå gjerne å bruke hotmail, live eller outlook, fordi dei har så høgt spam-filter. Brukt gjerne ei gmail-adresse eller andre servere.

4. Søk tidleg!

– Jo tidlegare du søker jo betre er sjansane dine. Søker du før mars, kan du forvente å få svar frå oss innan 31. mars.

Du kan søke sjølv om du aldri har vore frivillig før, og Sophie Bergaust seier det ikkje spelar nokon rolle om du er 19 eller 80 år gamal. 

– Vi har frivillige i alle aldrar og skal legge til rette så godt som mogleg slik at alle får god opplæring og gode opplevingar, seier ho.