Du som hadde festivalpass i 2020 må følgje med dei neste vekene. 

Sist oppdatert 13. oktober 2021

Det går mot eit normalt Vinjerock-år, og det er herleg. Om eit par veker byrjar vi å lette på sløret om kven som skal spele på Vinjerock 2022, og vi gler oss!

Det er også tida for å sleppe festivalpassa til Vinjerock. Det som er litt spesielt i år, er at de som hadde festivalpass i 2020 har forkjøpsrett. 

Festivalpassa som blir til overs, blir lagt ut på ordinært billettsal 3. desember.  

Hadde du festivalpass i 2020? 

Dei som hadde festivalpass i 2020 vil få ein e-post med informasjon om forhandssalet. Salet startar 29. oktober, og de får ti dagar på å gjennomføre kjøpet. 

Alle har sjølv ansvar for å sjekke at e-postadressa du har lagra på på kontoen din på Ticketmaster er korrekt innan 25. oktober. 

Ein får anledning til å kjøpe same tal festivalpass som du hadde i 2020.

Festivalpassa som ikkje er kjøpt ut når dei ti dagane er gått, blir lagt ut på det ordinære billettsalet 3. desember.