Det er ingen løyndom at i Bergen finn du nokre perler av artistar. Me er glade for å ynskje Lars Vaular, Slomosa og Gutu Abera velkomne til Eidsbugarden! 

Sist oppdatert 22. januar 2023

LARS VAULAR 

Lars Vaular er endeleg attende! Bergensaren fekk eit blautt møte med Eidsbugarden i 2016, me kryssar fingrane for at han kan halde solbrillane på til sumars. Han har dei siste åra tilbrakt tida i studio og er klar til å sleppe ny musikk og ta det med på festival. Albumet Vintage Velour har han med i sekken, låtar i ein variert og ubestemmeleg blanding av stilar og inspirasjon - men like fram typisk Lars. Sceneshow og musikk som flyt blir god ess! Me lovar sultefora Vaular-fans maten dei fortener!

Foto: Leah Håland Solomons

 

SLOMOSA

Få ting gjer seg vel betre til fjells enn litt ørkenrock? Me er frykteleg glade for å kunne invitere ørkenrock-beistet Slomosa til Eidsbugarden neste sumar. Debutalbumet Slomosa gav Bergensarane strålande anmeldelsar og bandet herja Europa rundt i 2022 på turne med legendane i Stöner (US), no er dei klare for å herje Jotunheimen. Me sjåast på fyrste rad!

Foto: Olav Vikingstad

 

GUTU ABERA

Artisten Gutu Abera vitjar for fyrste gong Vinjerock i 2023! Abera utforskar musikken frå barndommen. Revolusjonerande og nytenkjande verk med røtter og inspirasjon til den etiopiske musikken. Rytmiske variasjonar vekslar mellom oromiske rytmar som dhichesa, baaroo, chikchika og afro beat. Den fyrste singelen, Hawanawa, tok YouTube med storm, og blei nyleg kåra til årets beste oromo-låt i Etiopia. Låta Demi vann ôg den prestisjetunge prisen Afrima i kategorien best african jazz. 

Med si særegne og kraftfulle stemme i poetiske og samfunnsaktuelle songtekstar er dette noko alle kan sjå fram til. Me i Vinjerock gler oss til å sleppe dansefoten laus!

Foto: Kristofer ivan