Me prøver så godt det let seg gjere å vera ein festival for alle. Rop ut om du har forslag til korleis me kan bli betre!

Sist oppdatert 22. mai 2019

Følgepersonbevis (ledsagerbevis)

Alle som har følgepersonbevis, kan få med seg eit følge på festivalen. Følgepersonen må akkrediterast på førehand, og hentar armbandet til festivalen i infoteltet ved inngangen til festivalområdet. Personen med følgepersonbevis må vera med når ledsageren hentar armbandet sitt. Link til akkrediteringsskjema kjem. 

Transport og parkering

Me oppmodar alle som kan om å parkere på festivalparkeringa ved Tyin og ta skyttelbuss inn til festivalområdet på Eidsbugarden.

Det finst HC-parkering på Eidsbugarden, og om du ynskjer plass her kan du ta kontakt med vår transportsjef Maria på epost: sivertsen.maria@gmail.com

HC-camp

Festivalcampen er stort sett i ulendt terreng med stein, stigar og briskekratt. Difor har Vinjerock reservert eit eige område til HC-camp, med flat gressplen og enkel tilkomst frå vegen. Området ligg mellom Fondsbu og Eidsbugarden Hotel, og er merka med skilt. 

 

HC-toalett

Vinjerock nyttar portable festivaltoalett frå Hibas, og syt for at HC-toaletter finnes både inne på festivalområdet og på HC-campen.

HC-rampe

På festivalområdet finn du HC-rampe med trinnfri adgang og utsikt til begge hovudscenene. På rampa er det sittebenk for ledsager og moglegheit for å ta med ein ven eller to. 

Trinnfri tilkomst

Alle servicepunkt på festivalområdet har trinnfri adgang. Diverre finnes det nokre unntak, som er DNT-hytta og festivalcampen grunna at dei ligg ute i fjell-lyngen.

Allergiar og matmerking

Vinjerock har eit rikt mattilbod, og menyen vert kvart år lagt ut på heimesida vår. Menyen vert allergimerka både på nett og oppe på festivalen. Innan årets meny er klar kan du ta ein kik på fjorårets festivalmatmeny.

Vere frivillig? 

Du er sjølvsagt velkomen som frivillig på Vinjerock, og kan nytte søknadsskjema som alle andre. Ta gjerne kontakt med frivillisjefen Sophie Bergaust på epost: sophie@vinjerock.no om du har spørsmål kring til det å vera frivillig.