Dei som hadde festivalpass i 2020 har fyrsteretten på festivalpass til Vinjerock 2021. Dei får tilgang til å kjøpe festivalpass den første veka i mars.

Sist oppdatert 15. januar 2021

I 2021 har vi ikkje eit åpent salg av festivalpass som vanlig. Dei som hadde festivalpass i 2020 vil få informasjon om salget på e-post og her på nettsidene. Det gjeld både dei som har DNT-pass, ordinære festivalpass og dei som kjøpte på lokalt forhåndssalg. 

Festivalpassa vil bli solgt 5. mars. Informasjon kjem  her på nettsidene, og direkte på e-post til dei som hadde ein ordre i 2020. 

Vinjerock gir refusjonsgaranti til alle billettkjøperar (med unntak av billettgebyr på Ticketmaster) dersom Vinjerock 2021 skulle bli avlyst. 

Grunnen til at vi ventar med å sleppe festivalpassa ut i verda, er at vi ynskjer å vite kva slags festival vi får lov til å lage, og kor mange vi får lov til å invitere på festival i år. Myndigheitene vurderer heile tida kor mange det er trygt å samle på arrangement, og Vinjerock må som alle andre forholde seg til dei avgrensingane. I tillegg er det utrulig viktig for oss at festivalen vi inviterer til, er i Vinjerock-ånd.

Akkurat no blir det sendt vaksine rundt i det ganske land, og det gjer oss veldig håpefulle!

Vi treng likevel at myndigheitene seier at det er trygt å arrangere festival som vanleg, før vi inviterer Vinjerockarane til fjells på heilt vanlig måte.

Mange kloke hovud jobbar no for å finne ut korleis vi skal gjennomføre utandørs festivalar i sommer, og vi har trua på at vi finn ein veg framover saman med myndigheitene. Enn så lenge planlegg vi for Vinjerock 2021 for harde livet, og vi gler oss til å samle dykk på Eidsbugarden i juli! 

Artistar blir med vidare 

På plakaten for 2021 står allereie ei solid liste med norske artistar. Dei aller fleste har blitt med over frå 2020, og det gjer oss yre av forventning. På scena foran Bygdin vil du i 2021 få oppleve mellom andre Gabrielle, Bjørn Eidsvåg, Cezinando, Kakkmaddafakka, Honningbarna, Miss Tati´s Angola 70 med fleire.

Sjå alle artistane her! 

Fekk du ikkje svar på alt du lurte på? Sjå ofte stilte spørsmål om Vinjerock/Covid-19

 

Frivillig på Vinjerock?

Frivilligrekrutteringa vil opne andre veka i mars. Meir informasjon finn du på frivilligsidene våre, som blir oppdaterte kontinuerleg.