Vil du vera med å bygge festival i fjellheimen? 

Sist oppdatert 24. juni 2019

OBS! Når du søkjer som frivillig, aksepterer du automatisk frivilligkontrakten, trykk HER for å lesa igjennom.

Aldersgrense for å vera frivillig: 18 år

Som frivillig får du, i tillegg til å oppleva Noregs vakraste festival utan å betale eit raudt øre:

  • Delta på Vinje Rockehøgskule (ei helg i juni der me blir kjend, lærer og har det kjekt i vakre, vene Vang i Valdres)
  • Gratis mat medan du er på arbeid under festivalen
  • Litt godsaker frå festivalen sine sponsorar
  • Ei unik frivillig-T-skjorte
  • Fri transport t/r Tyin–Eidsbugarden
  • Garantert nye, kjekke venner for livet

Som frivillig blir du del av eit stort frivillig-fellesskap, og du vil bli kjent med nye folk både før og under festivalen. Du skal difor ikkje vera redd for å melde deg, sjølv om ingen andre du kjenner, skal vera med som frivillig. Me lovar å ta godt vare på deg!

Det er mogleg å leggje inn eit ynske i søknadsskjemaet om kven ein vil arbeide saman med under festivalen. Me prøver så godt me kan å oppfylle ynska dine, men kan dessverre ikkje lova at alle blir oppfylt.

Me vonar at både lokale og langvegsfarande melder seg som frivillige, slik at me saman kan gjera Vinjerock 2019 til nok ei uforgløymeleg oppleving i fjellheimen.

Spørsmål? Skrik ut til frivilligsjefen Sophie på e-post sophie@vinjerock.no.

Søknadsskjemaet er stengt for i år, nytt kjem i 2020. 

Barmedarbeidar/fjellkokk

Erfaringa tilseier at fjellufta gjer folk ekstra tørste, og me treng nokon med godt humør til å tappe festivaløl og laga mat til svoltne fjellfolk. Som fjellkokk på Vinjerock får du jobbe med fantastiske råvarer, erfarne kokkar og, ikkje minst, ein spanande meny.

Erfaring frå bar eller kjøken er sjølvsagt ein fordel, men definitivt ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har stå-på-vilje og godt humør!

OBS: Dersom du ynskjer å vera med i denne gruppa, må du skrive inn personnummer når du fyller ut skjemaet. Det blir berre brukt til å føre personallister.

Solskinspatrulje

Solskinspatruljen er for deg som er glad i folk, smiler meir enn gjennomsnittet og trivst med å gjera andre betre! Solskinspatruljens oppgåve er å vera dei frivillige sine frivillige. Me skal sørge for at alle dei frivillige på Vinjerock har det bra, får seg ein kopp kaffi og ein banan og held stemninga oppe 24/7. Dette er nok det hyggelegaste du kan gjera som frivillig! #kosaseg

Miljøarbeidar

Festivalen går føre seg i fjellheimen, og då er det ekstra viktig at festivalområdet blir godt teke vare på. Miljøarbeidarane ser til at festivalområdet er reint og ryddig, og passar på at folk ryddar opp etter seg. I tillegg passar me litt ekstra på at folk har det bra. Me set oss gjerne ned i lyngen og slår av ein prat med det framifrå festivalpublikummet!

Ordensvert/trivselsvert

Som ordens- og trivselsmedarbeidar er det ikkje nødvendig med forkunnskap frå korkje karate eller tøffe gjengmiljø, her held det at du er omgjengeleg og hyggeleg. Kardemommelova gjeld også på Vinjerock – di oppgåve blir å sjå til at folk trivst, og at det er ro og orden på området slik at alle har det bra.

OBS: Fordi politiet vil sjekke vandelen til vaktene, må dei som ynskjer å vera med i denne gruppa, skrive inn personnummer når dei fyller ut skjemaet.

Sanitet

Som sanitetspersonell blir du ein uvurderleg ressurs for alle som besøker festivalen. Me tek vare på alle, om det så berre gjeld gnagsår eller bankande hovudverk. Krav til alle søkjarar er at du må vera ferdig utdanna sjukepleiar eller lege. Om du er lege, må du vera ferdig med LIS 1 og ha lisens for å jobbe som lege i Noreg.

Billett og bong

På toppen av pakkelista ligg festivalarmbandet, og med det blir dei viktigaste behova til festivaldeltakarane dekt. Om dei må fylle pengar på armbandet, eller noko har skjedd, kan du hjelpe dei! Du får sjølvsagt opplæring og klarer denne jobben fint, sjølv om du ikkje har gjort det før.

Info og krambu

Om du likar å hjelpe folk, kan du sjå hit! I Info og Krambu kan me hjelpe til med det meste. Om festivaldeltakarane har eit spørsmål, har mista soveposen sin eller vil kjøpe festival-merch, er du personen dei kjem til, så eit løysingsorientert sinn med sans for salsutstilling er ein uslåeleg kombinasjon.

Velkomst-, avreise- og bussvert

Har du ei positiv haldning, er serviceinnstilt og likar å prate med folk, er dette noko for deg. Denne gruppa syter for å ta godt imot festivaldeltakarane når dei kjem på parkeringa, pakkar i bussane (både når gjestene kjem og når dei reiser heim) og gjev dei ein flott tur frå festivalparkeringa og inn til festivalområdet. Om du i tillegg likar å prate i mikrofon, vil me gjerne ha deg med som guide/bussvert.

Foto og medium

Bilete, tekst og filmsnuttar – alt er med på å gjenskapa kjensla av Vinjerock.

Er du fotograf eller berre veldig ivrig amatør? Me treng mange og flinke fotografar som fangar dei gode augneblinkane og får fram vinjerockaren gjennom linsa, enten det er stillfoto eller på film. Har du det me leitar etter? Då MÅ du melde deg som frivillig. Me lovar at du ikkje vil angre!

Fortel gjerne litt om bakgrunnen din og sei ifrå i søknaden din om du er mest interessert i å vera med på utflukter/toppturar, eller om du heller vil dokumentere stemninga på festivalområdet eller i campen. Me set òg stor pris på om du kan vise til tidlegare arbeid du har gjort, slik at me får eit inntrykk av kva du er drivande dyktig på.

Supert om du kan stille med kamera/utstyr sjølv; me stiller med låsbare skåp og lademoglegheit på festivalområdet. Fint om du også spesifiserer i søknaden om du er mest interessert i å jobbe med foto eller film.

Merk: Berre avgrensa plassar.

Scenearbeidar

Scene, lyd og lys skal riggast opp før festivalen – og ned etter festivalen. Under festivalen hjelper du til på scena under og mellom konsertane, for at programmet skal gå så knirkefritt som mogleg.

Gje opp kva vakter du er interessert i:

  1. Opprigg + nedrigg : Arbeid tysdag og onsdag før festivalen + nedrigg på søndag
  2. Ei tidleg vakt og ei sein vakt under festivalen + nedrigg på søndag

Artistvert

Nokon må ta vare på dei flotte artistane våre. Som artistvert er du kontaktperson mellom artist og Vinjerock den dagen artisten spelar. Du skal gjera klar garderoben deira, hjelpe til med å halde backstage ryddig heile dagen og sørge for at artisten kjem seg dit han/ho skal overnatte (med hjelp ifrå transportavdelinga)

Område/Infrastruktur

Vinjerock treng dyktige folk for å laga eit bra festivalområde. Områdegjengen byggjer opp festivalområdet før festivalen og riggar det ned når festivalen er over. Her trengst det folk med godt utvikla praktisk sans, pågangsmot og godt humør, og som ikkje er redde for å arbeide lange dagar.

Det er også behov for mannskap som står for vaktmeistertenester under sjølve festivalen.

Skriv inn kva du kan, og kvifor du vil vera med. Det er også ein fordel om du skriv på om du kan stille i veka før og veka etter festivalen.

Transport

Festivalen har òg behov for driftige sjåførar. Det er mykje varer, utstyr, artistar og folk som skal fraktast til og frå når ein arrangerer festival høgt til fjells. Søkjarar med førarkort klasse D1, D1E og BE blir prioritert. Ver snill og oppgje førarkortklassar i søknaden.

Om du ikkje har førarkort, kan du vera med som parkeringsvakt, innkøyringsvakt, områdevakt som passar på at veg og område er i orden, eller hjelpe til med bussavviklinga.