Vinjerockarane

Vinjerockarane er vanskelege å definere. Einskilde har prøvd å kategorisere dei som «gore-tex-mafiaen», men erfaringa tilseier at det også finst fjellfolk som greier seg utmerka fint utan gore tex frå topp til tå. Det vi veit er at Vinjerockaren kjem i alle aldrar. Gjennomsnittet er visstnok på like oppunder 30 år, men vi har også sett eksemplar på godt over 80, og nokon som akkurat har sagt hallo til verden i den andre enden av skalaen. Det einaste vi er sikre på er at Vinjerockarane har to ting til felles: Dei likar fjell, og dei likar musikk. Ein slik kombinasjon blir det god stemning av!

Kven er dei?

På denne sida får du møte nokon av dei vi har møtt på vår veg, som alle har til felles at dei har betydd noko for at Vinjerock er akkurat den festivalen den er. Både friviljuge, samarbeidspartnarar, publikummarar og artistar dukkar opp her utover våren.

Mor Fondsbu
Solbjørg Kvålshaugen

Når mørkret senkar seg over toppane kring Eidsbugarden sullar ho deg i søvn med ein bånsull på trappa.

Med morgonskodda svevar ho over golva og syter for mat og ei varm stove til alle. Mor Fondsbu sjølv, Solbjørg Kvålshaugen, har eit eige rom i hjarta for Vinjerock. Det er gjensidig.

- Me sloss om å jobbe under Vinjerock. Ingen gong er det så travelt og så kjekt å jobbe, konstaterar Solbjørg med eit smil om munnen. Men når  Dumdum Boys entrar scena på laurdagen skal me ha fri alle så nær som ein.

Ho har stått på barrikadane for Vinjerock frå fyrste dag, og angrar ikkje.

- Eg elskar musikk. Å få ein rockefestival til Eidsbugarden er jo sjølve draumen. Og så er me velsigna med verdas beste festivalpublikum.

Unntakstilstand og søvnløyse

Ho legg ikkje kriseplanar sjølv om Fondsbu går i unntaksmodus når vinjerockarane inntek fjellheimen.

- Me går frå 100 til 3000 glade fjellfolk over dørstokken døgnet rundt. Det byr sjølvsagt på visse utfordringar, men ingenting er uløyseleg, ler Solbjørg. - Her kosar me oss sjølv om gangen er full av sko, regnet ausar ned og doen går tett.

Sjølv ofrar ho det meste av søvnen for å ta vare på dei besøkande så lenge festivalen står på.

- Men eg har auka antall timar under dyna altså. I 2006 vart det snaue 2 timar, men no er eg nok oppe i 7-8 i løpet av dei tre dagane me held på, humrar ho.

Tett på

Solbjørg er nok ein av dei som kjem tettast, både på artistar og publikum. Som fast innbyggjar ved Bygdin sine breidder er ho gjerne «kjentmann» for artistane.  

- Det er så godt å komma innpå og sjå at dei er berre menneske dei òg. Du kjem nært  på den enkelte og deler ei oppleving i lag. Det er gode minner som eg trur både dei og eg lev lenge på.

Og mannen  i hennar liv - Aasmund i Vinjestova- held òg eit vakent auga over det som skjer i seine julidagar.

- Aasmund si sjel er til stades og han passar på. Eg er viss på at han er ein ihuga Vinjerockar han òg!

Fjellrypa
Ingunn Blom-Hagen

Vinjerockarane finns i alle regnbogens fargar, men ein ting er felles: Kjærleiken til Jotunheimen og Eidsbugarden. Ingunn Blom-Hagen forelska seg i 2009.

Ingunn vaks opp med naturen som leikeplass i dei djupe skogane rundt Elverum. Men noko trakk ho mot fjellheimen. Ho ville opp i høgda. Lage skispor i snøen - leve nærare naturen. No er Hemsedal den nye boltreplassen.

- Naturen har alltid vore ein del av livet, men dei siste 4-5 åra har eg via stadig meir tid til å leike meg i den, fortel Ingun ivrig.

Engasjementet hennar er til å ta og føle på. Ho er vorte ein av dei som pløyer seg gjennom nysnøen til toppen av Lyngsalpane og set utfor med barnsleg iver. Ho stiller opp som intervjuobjekt for ivrige NRK-fotografar under High Camp på Turtagrø. Toppturar på ski går som ein leik. Turar i fjellheimen på sumartid like så. Og med det fann ho Vinjerock.

- Eg ramla over Vinjerock i 2009, pakka sekken, fikk med meg ein venninne og la ut på nye eventyr. Det angrar eg ikkje eit sekund på. Ein skulle tru at litt «vaksne» jenter ikkje ville passe inn, men det er nettopp det som er så fantastisk med Vinjerock ; Alder tyder ingenting. Du kan vera 18 eller 65 og likevel finne «nokon som passar for deg». Me vart kjende med nokre trivelege frøkner frå Oslo, og det har vorte ein fast venninnegjeng på omkring ti glade jenter som tek turen til Eidsbugarden kvart år. For oss er Vinjerock blitt noko sosialt. Me reiser dit på grunn av folka og fjella, ikkje nødvendigvis programmet, sjølv om det er strålande det òg!

Franske vaner og spreke damer

Og jentene veit å kose seg. På laurdagskvelden dreg dei fram champagneflaskene og kombinerar det med fransk luksusmat som gåselever og kanapéar. Kanskje uvant kost i høgfjellet, men i ekte Vinjerock- and - her skal ein kosa seg! 

- Det er jo kanskje litt sært, men ein ganske artig kombinasjon. Litt luksus i lavvoen må vera lov, seier Ingunn og flirar. Det er fantastisk godt å slenge seg ned i campingstolen med trøtte bein etter ein god fjelltur medan me ventar på at kvelden skal sparkast i gong. Då smakar den gåselevra ekstra godt, det skal eg love deg!  

Sjølv om det blir innslag av luksus i år òg er det liten fare for at gåsefeittet blir liggande på hoftene. Multisporten freistar, og Ingun med venninner blir å finne hoppande rundt i terrenget.

- Vinjerock sin kombinasjon av fantastiske fjellfolk i alle aldrar, fjellsport, friluftsliv, musikk og mat er unik. Eg gler meg noko heilt utruleg til å komma til fjells igjen!

Matguruen
Eivind Haalien

På Vinjerock skal du ha Valdres på tunga! Det er visjonen til den kulinariske vangsgjeldingen og fjellfanten som har vorte Vinjerock sin matmentor.

Eivind brenn for god, lokalprodusert mat, noko Vinjerock har nytt svært godt av dei siste åra. Med jordgropsteikt geitekilling og steinomnsbakte brød får Vinjerockarane verkeleg smake på Valdres.

- For meg er det viktig at me viser fram kva som finns her oppe. Me har utruleg mykje god mat i nærområdet. Sjølvsagt skal det visast fram! seier Haalien entusiastisk.

- Dessutan passar det godt inn i konseptet til Vinjerock. Det er utruleg artig å få leike seg med lokale råvarer og komponere menyar som er med på å forsterke festivalen si sjel. Folk skal kose seg med god, lokalprodusert og spennande mat!

Såpass godt likt er maten at dei færraste kvir seg for å stå i kø for å skaffe seg godbitane Haalien og teamet hans har funne fram.  

Artistfavoritt

Som matmentor har Haalien hatt eit spesielt ansvar for å fylle magane til svoltne artistar.

- Å laga mat for artistar er ein takknemleg jobb, og det er ekstra stas når folk likar maten du serverar, seier Haalien. Dessutan er det artig at me får vera kreative og gje dei noko litt utanom det vanlege.

Og rettane må ha falle i smak, for rykta svirrar om at mat frå Valdres var sterkt representert i bryllaupsmenyen til ein av artistane som var på Vinjerock i 2010.

Fjellfant, matelskar og patriot

Både fjellfant og kokk, Eivind Haalien er sett saman av mange fasettar, og det pregar òg kokkekunsten hass. På Eidsbugarden er han i sitt ess - og nesten heime.

- Det er godt å koma tilbake til Vang, Eidsbugarden og heimfjella i Jotunheimen. Og det er moro å vera med på å skape gode opplevingar på Vinjerock, fortel han.

Men kva er ditt beste minne frå Vinjerock?

- Det er mange, men Raga Rockers på ei scene midt i Jotunheimen, den sit spikra hjå meg. Det er tøft at me får band som normalt sett gøymer seg vekk i mørke konsertlokale langt opp i fjellheimen. Kombinasjonen med fjell og rock gjer opplevinga heilt rå! 

Og i år må nok svenskane i Bob Hund belage seg på ein ivrig kokk både framfor og bak scena.

- Eg gler meg som ein unge, Bob Hund er det råaste livebandet eg har sett! Eg trur dei passar perfekt, det blir magisk.

Herr Tryggleik
Bøye Einang

Bøye Einang er Vinjerock sitt svar på Politimester Bastian - den trygge, stødige og rettvise karen som syter for at alle Vinjerockarane har det bra.

Bøye er ein ung veteran i Vinjerock-samanheng, og melde seg som frivillig fyrst i 2010. Då blei han kasta inn i tryggleiksarbeidet, noko han tok tak i med liv og lyst. Denne karen er nemleg godt driven på nettopp tryggleiksarbeid.

- Som valdris fekk eg blod på tann då eg las at Vinjerock trengte friviljuge. Dermed starta eventyret for min del, og no går det slag i slag med planlegging mot sommaren. Målet er å bli endå betre på tryggleik enn tidlegare, og det kan og vil me alle saman!

Eit av måla han har sett seg er at alle - både dei som passar på og publikum sjølve - skal kose seg mest mogleg.

- 3000 teltcamparar, ein del flytande remedium kombinert med store liveband, godt trøkk framfor scena og Jotunheimen som næraste nabo byr jo sjølvsagt på ein del utfordringar i forhold til tryggleiken. Difor er det viktig at me tek det arbeidet vårt på alvor, men det skal ikkje gå på bekostning av trivselen. Der trur eg me er ganske gode, og me samarbeidar godt med andre etatar, som til dømes Raude Krossen, kommunen og Politiet. At dei er med og dreg lasset i lag med oss er heilt naudsynt og utruleg nyttig! 

Likevel er han rask til å poengtere at Vinjerockarane er ei takknemleg gruppe å vera «barnevakt» for:

- Dei er generelt veldig flinke til å ta vare på seg sjølv og kvarandre, men uheldige ting kan skje overalt. Difor jobbar me stadig for å for å planlegga og førebu oss godt på mange ulike scenario, både før, under og etter festivalen.

Tryggleiksgeneralen sjølv gler seg til sommaren, og Valdresbandet Staut ligg heilt klart valdrishjartet hans nærast:

- Eg håpar å få tid til å kose meg litt framfor scena når Staut går på. Stemninga under konserten deira på Krafsefestivalen i fjor er definitivt mitt beste Vinjerock-minne så langt. Eg har trua på ein ny «höjdare» under årets festival!

Infosjefen
Marit Blomlie

Marit Blomlie vert i Vinjerockmiljøet ofte omtala som «frøken superpositiv». Ei sprudlande dame, sterkt engasjert og ivrig Vinjerock-entusiast.

Marit si Vinjerock-historie er lang, og starta med ein telefon frå festivalsjefen sjølv vinteren 2006. Den gong jobba Marit i Filefjell Reiseliv, og tende umiddelbart på ideen. Sidan den samtala har Vinjerock vore ein viktig del av livet hennar.

- Eg var seld frå fyrste stund! Ideen var i seg sjølv så unik, sprø og herleg at eg ikkje kunne gjere anna enn å hoppe på toget. Å arrangere ein festival midt i Jotunheimen, utan særleg infrastruktur, er jo ein vill idé. Å få det til er ei bragd, eg måtte jo berre vera med på det!

Oppgåvene har vore mange, men informasjon har alltid vore ein «info-entusiast». Dei siste åra har ho vore infosjef på festivalen, og frå i fjor har ho også vore ein av stabens tillitsvalde i festivalstyret.

Marit har vorte ein ekte Vinjerock-ambassadør. Faktisk så ivrig at nokre av ungane på skulane ho har vore lærar på har spurd om ho ikkje har noko anna enn Vinjerock-klede. Men det er mange grunnar til at engasjementet hennar har vedvara.

- Det unike samhaldet me har i Vinjerock er heilt spesielt. Her er taket høgt nok for slike som meg, for eg kan slenge ut dei sprøaste ideane utan å bli sett rart på, ler Marit.

I tillegg nemner ho «godkjensla» som ein får av å vera ein del av ein flott gjeng som dreg lasset i same retning.

- Festivalen er noko heilt særskilt for oss som er bite av basillen. Kombinasjonen av fjell, musikk og «bra greier» er vinnaroppskrifta for meg. Me er ikkje kommersielle, men me vil skape engasjement og vekst i Valdres, gode opplevingar for alle, og gjev overskotet av festivalen til andre som vil skape «bra greier», til dømes Vinjerockfondet.

Marit gler seg stort til årets festival, og går laus på 5. sesong som infosjef - ein jobb som høver utmerka for den over gjennomsnittleg pratsomme og serviceinnstilte dama frå Volbu i Øystre Slidre.

- Målet våres er at alle skal kosa seg på Vinjerock. I år vonar eg å få kosa meg litt sjølv også, og skal i allefall få med meg konserten med Dumdum Boys. Sist dei var på festivalen sat eg nemleg i vaktteltet på Tyin og stura, avsluttar Marit med eit smil.

Elektrikaren
Vidar Wangensteen

Ein kjem ikkje langt med ein elgitar på Vinjerock utan litt hjelp frå Vidar Wangensteen.

    − Eg var nok på den litt røffare sida av diskusjonen, eg likar rock og blues, fortel Vidar om tida då han sjølv spelte i band og kva musikk som skulle spelast.
    − Eg har drive med musikk stort sett heile livet. Vi spelte stort sett coverlåtar. Det var ganske stor aldersforskjell i bandet, så vi spelte alt frå meir nymotens greier til litt eldre rock.

Og han tullar ikkje når han seier at han likar litt tøffere musikk.
    − Eg taklar ikkje Beatles og Rolling Stones, det blir alt for tannlaust for min smak.

«Gamal» travar

Vidar har vore ein viktig bidragsyter til Vinjerock sidan 2007.
    − Eg bidrog ikkje på dei to fyrste festivalane, men var tilstades på den andre, fortel han.

Då han vart spurt om han kunne bidra, var han ikkje vanskeleg å be.
    − Eg har drive med fotball og dugnad tidligare, så da var det naturleg å takke ja.
    − Men var det ikkje nok dugnad allereie då?
    − Vel no har eg vaksne born, så det går fint.

Han har ikkje eit vondt ord å komme med om festivalen på Eidsbugarden.
    − Det er 99,9 prosent positivt. Det er ein utruleg fin profilering av bygda.

Også måten dei føregåande festivalane har vore gjennomført på har imponert elektrikaren.
    − Det har fungert veldig fint. Det er nesten ikkje bråk. Det er vel slik at dei som ønskjer å krangle og bråke reiser andre stader.

Gjennom firmaet Elektromontasje har han støtta Vinjerock med opp- og nedrigg av det elektriske anlegget, og dei ansatte i firmaet bytter på å gå døgnvakter under sjølve festivalen.
    − Det er ikkje direkte lukrativt, men vi blir jo profilert under festivalen og det er artig å kunne bidra. Ein kan ikkje slå mynt på absolutt alt heller, meiner Vidar.
   
Og samarbeidet med Vinjerock går stadig betre.
    − Arbeidet blir lettare for kvart år, det leggjast stadig betre til for å få ting på plass. Men kjøkkenet som blir større for kvart år, er ei utfordring.

I forkant av årets festival har han eit par stalltips til artister som han meiner ville passa godt inn på Eidsbugarden.
    − Eg venter på ein headliner eller to til. Dumdum Boys kan godt komme igjen.

Ein annan personleg favoritt må eventuelt hentast inn frå utlandet.
    − Eg trur Chris Thompson frå Manfred Mann's Earth Band ville passa godt inn.