Vinje Rockehøgskule

I god, gamal folkehøgskuleånd inviterer Vinjerock alle sine frivillige til ei samlingshelg i Vang ein månads tid før festivalen. Sidan 2009 har vi arrangert «Vinje Rockehøgskule», for at våre herlege vertskapsmedarbeidarar skal bli kjende med oss, kvarandre og arbeidsoppgåvene som ventar på Eidsbugarden. Det er valfritt - men sterkt anbefalt - å delta på Vinje Rockehøgskule. I 2010 deltok nesten 150 av dei frivillige.

I løpet av rockehøgskulen byr vi på alt frå kurs til konsertar, fotballturneringar og quizar. For ikkje å gløyme den herlege avrundinga med topptur til det majestetiske 1 724 meter høge Grindafjellet, som ruvar over Vang.

Bildegalleri

Foto: Iris Engen Skadal og Åsmund Kvale.

VRH2010_19.jpgVRH2010_18.jpgVRH2010_17.jpgVRH2010_16.jpgVRH2010_15.jpgVRH2010_14.jpgVRH2010_13.jpgVRH2010_12.jpgVRH2010_11.jpgVRH2010_10.jpgVRH2010_09.jpgVRH2010_08.jpgVRH2010_07.jpgVRH2010_06.jpgVRH2010_05.jpgVRH2010_04.jpgVRH2010_03.jpgVRH2010_02.jpgVRH2010_01.jpgalle2.jpgarnst.jpgbål.jpgeivind.jpgendre.jpghopp.jpg