Vertskap

Vinjerock kan aldri koma vel i hamn utan frivillige arbeidsjern som er vertskap for dei fantastiske festivaldeltakarane våre. For å forsvara tittelen som Noregs beste rockefestival, treng me kvart år godt over 400 frivillige for å sikre ei framifrå festivalhelg. Desse heldiggrisane vil få ei oppleving av Vinjerock utanom det vanlege.

Er du med?

Søknadsskjema for frivilligjobb i 2013 opnar laurdag 1. desember.

Om du ynskjer å jobbe frivillig på Vinjerock kan du velje mellom arbeidsoppgåvene nedanfor. Legg merke til at einskilde oppgåver har 18 års aldersgrense.

Servering

Erfaringa tilseier at fjellufta gjer folk ekstra tyrste, og me treng nokon med godt humør til å tappe festivaløl og servere mat til svoltne fjellfolk. Erfaring frå bar eller servering er sjølvsagt ein fordel, men definitivt ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har stå-på vilje og godt humør! Aldersgrense for jobbing i bar: 18 år.

Miljøarbeidar

Festivalen går føre seg i fjellheimen, og då er det ekstra viktig at festivalområdet blir godt teke vare på. Miljøarbeidarane ser til at festivalområdet er reint og ryddig, og passar på at folk ryddar opp etter seg. I tillegg passar me litt ekstra på at folk har det bra, set deg gjerne ned i lyngen og slå av ein prat med det framifrå festivalpublikummet!

Ordensvert/trivselsvakt

Som ordens- og trivselsmedarbeidar er det ikkje nødvendig med forkunnskap frå korkje karate eller tøffe gjengmiljø, her held det at du er omgjengeleg og hyggelig.  Kardemommelova gjeld også på Vinjerock - di oppgåve blir å sjå til at folk trivst, og at det er ro og orden på området slik at alle har det bra! Aldersgrense: 18 år.

Salgsmedarbeidar

T-skjorter, festivalpass, bongar og andre snasne varer! Som salgsmedarbeidar skal du selje festivaleffektar, og det er difor flott om du har nokre gode salgstriks på lager!

Infomedarbeidar

Som infomedarbeidar skal du helst vite alt. Dersom det er noko du ikkje veit, må du kunne finne ut av det. Det er deg folk vil gå til når det er noko dei lurer på, så du må vera innstilt på å setje deg inn i ein god del informasjon omkring festivalen på førehand. Har du ei positiv haldning og likar å snakke med folk er dette noko for deg. Nytt av året er at me møter festivaldeltakarane allereie på festivalbussane, så om du er blid, glad, serviceinnstilt og tøff nok til i å prate i mikrofon vil me gjerne ha deg med som guide!

Foto og media

Bilete, tekst og filmsnuttar - alt er med på gjenskape kjensla av Vinjerock.Vi treng dyktige folk som veit å fange  augeblinken!

Er du fotograf eller berre veldig ivrig amatør? Vi treng mange og  flinke fotografar som fangar dei gode augneblinkane og får fram Vinjerockaren gjennom linsa, enten det er stillfoto eller på film. Vi søkjer også ivrige journalistspirer som kan bidra med stoff til våre eigne kanalar. Har du det vi leitar etter? Då MÅ du melde deg  som frivillig. Vi lovar at du ikkje vil angre!

Fortel gjerne litt og bakgrunnen din og sei i frå om du er mest interessert i å vera med på utflukter/toppturar eller om du heller vil dokumentere stemninga på festivalområdet/i camp i søknaden din. 

(NB! Supert om du kan stille med kamera/utstyr sjølv.)

Scene

Oppe på scena er det mykje utstyr som skal riggast opp og ned for dei forskjellige artistane. Som scenearbeidar er det du med og hjelper til på scena under og mellom konsertane, for at programmet skal gå så knirkefritt som mogleg. Er du heldig får du kanskje ein autograf eller to? Aldersgrense: 18 år.

Harde fakta

Som frivillig får du, i tillegg til å oppleva Noregs vakraste festival utan å betale eit raudt øre:

  • Delta på Vinje Rockehøgskule (ei helg i juni der me blir kjent, lærer og har det kjekt i vakre, vene Vang i Valdres)
  • Gratis mat medan du er på arbeid under festivalen
  • Litt godsaker frå festivalens sponsorar
  • Ei unik frivillig t-skjorte
  • Fri transport t/r Tyin -Eidsbugarden
  • Garantert nye, kjekke venner for livet

Som frivillig blir du del av eit stort frivillig-fellesskap, og du vil bli kjent med nye folk både før og under festivalen.  Du skal difor ikkje vera redd for å melde deg sjølv om ingen andre du kjenner skal vera med som frivillig- me lovar å ta godt vare på deg!

Me vonar at både lokale og langvegsfarande melder seg som frivillige, slik at me saman kan gjera Vinjerock 2013 til nok ei uforgløymeleg oppleving i fjellheimen. 

Spørsmål? Skrik ut til frivilligkonge Harald på e-post harald@vinjerock.no eller mobil 992 64 788.

Søknadsskjema

Fortløpande søknadsfrist. Søknadane blir handsama frå slutten av januar 2013.

Namn:
E-post:
Fødselsdato (DD-MM-ÅÅÅÅ):
Mobil (endre landskode hvis utanlandsk):
Adresse:
Postnr & stad:
1. prioritet:
2. prioritet:
3. prioritet:
Kvifor vil du jobbe som frivillig?
Jobba frivillig på Vinjerock tidlegare?
Hvis nei, har du anna relevant erfaring?
Kommentarar eller spørsmål:
T-skjortestorleik:
Kan våre hovudsponsorar få sende deg informasjon og spesialtilbod på e-post i forkant av festivalen?