Alle som kjem med eigen bil til festivalen må parkere ved Tyin hotel (kr 50,- for heile helga) og ta festivalbussen derifrå inn til Eidsbugarden. Ved behov vil det også kunne bli parkering ved Tyin-Filefjell skisenter. Festivalbussen inn til Eidsbugarden er inkludert i alle festivalbillettar.
Festivalbussen korresponderer med rutebussar på Tyinkrysset.
Festivalbussens rutetider i 2010:
Tyin-Eidsbugarden:
Eidsbugarden-Tyin:

Godt nytt for deg som skal til fjells frå Oslo, Bergen eller Trondheim! Vi set opp eigne festivalbussar straka vegen frå bysentrum og rett inn til festivalområdet for gjebortpris: kr 399,- tur/retur! Null kø, null stress - berre god stemning :-)
I tillegg til den finfine prisen får du også eit par frynsegodar. Litt mat og drikke på veg til og frå festivalen, i tillegg til ein quiz med fjonge premiar! Og når du kjem til festivalen får du billettarmbandet påsett før du går av bussen. Ergo slepp du alt som heiter kø, og kan hive deg med i dansen så fort teltet er på stell og bagasjen parkert.
Alle bussane frå Oslo og Trondheim er no fylt opp, men det er nokre få plassar att på bussen frå Bergen:
Kjøp billettar tur/retur Bergen »
Reiseinformasjon for Ubekymra-bussane:
Ubekymra-bussane er eit samarbeid med Vang Sparebank.

Frå Bygdin Fjellhotell/Beitostølen:
Ta Nord-Europas høgstgåande rutebåt over innsjøen Bygdin til Vinjerock! Langs RV51 over Valdresflye, 3 km frå Beitostølen ligg Bygdin Fjellhotell. Herifrå går MB Bitihorn i rutetrafikk inn til Eidsbugarden to gonger i døgnet i sumarhalvåret.
Ordinære rutetider finn du hjå JVB.
Frå Oslo/Fagernes/Lillehammer/Bergen/Lærdal/Årdal:
JVB og Sogn Billag har fleire avgangar dagleg mellom Lillehammer/Oslo - Årdal/Lærdal - Bergen. Nokre av desse korrensponderar også med rutebussar inn til Eidsbugarden i sumarhalvåret. For meir info og rutetider:
JVB
Nor-Way Bussekspress
Kvifor ikkje kombinere festivalturen med ein fjelltur på toppen av Noreg? DNT har haugevis av hytter i Jotunheimen, hvis du ikkje slengjer teltet på ryggen og slengjer deg ned ute i naturen.
Frå Oslo/Fagernes/Bergen/Lærdal:
Følg E16 til Tyinkrysset, og ta av på RV53 til Årdal. Når du kjem til Tyin Hotel går RV252 inn til Eidsbugarden. NB: På grunn av begrensa parkeringsplassar på Eidsbugarden vil festivalgjengarar med bil bli henviste til festivalparkering ved Tyin Hotel (avg. kr 50,-). Derifrå går det festivalbuss inn til festivalområdet (inkludert i festivalpasset).
Fagernes: 97 km
Øvre Årdal: 53 km
Gjøvik: 192 km
Oslo: 281 km
Bergen: 279 km
Vågåmo: 79 km (til Bygdin)
JVB
Tlf: (+47) 61 36 59 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
