Vinjerock 2016

Som året før, forsvann billettane til Vinjerock 2016 på under ti sekund, nok ein gong så fort at me knapt rakk å blunke før det var «over»!

Denne sumaren var det duka for skikkeleg bursdagsfeiring på Eidsbugarden, då festivalen fylte ti år. Andletet til Aasmund pryda den seks kvadratmeter (!) store bursdagskaka, som vart servert av frivillige, stabsmedlemmar og ordførarar i bunad under feiring laurdag. Sjølv om veret ikkje spelte heilt på lag, hadde mange møtt opp for kakefest og konsertar med Farao og Staut. 

Etterstevet (nachspiel) vart denne gongen arrangert utandørs, ved Vesle-Vinje, og det kokte på plassen frå start til slutt dei tre kveldane. Vinjerockarane er heilt råe på å lage god stemning! Artistar som Alo Wala, Bjørn Eidsvåg, Lars Vaular, Kvelertak og Aurora spelte seg gjennom heile det musikalske spekteret. Daniel Kvammen segla nok ein gong over menneskemengda, denne gongen til Fagernes Yacht Klubb sitt forrykande show på scena. Fleire regnskurer til tross, festivalen vart nok ein gong ei heilt fantastisk oppleving!

Takk for ei framifrå feiring, alle saman!

GALLERI

Fotografar: Lars Østbye Hemsing, Joakim Mangen, Liisa Leesment, Anne Marte Før, Andreas Andersson, Ida Thoresen, Martin Hauge-Nilsen, Märtha Louise Sverdrup og Øystein Røen.

Filmfoto: Håkon Mæland, Kari Nygard Tvilde, Jostein Venås og Torstein Sandven.

Sjå filmane frå årets festival på vår Vimeo-side:

 

20160722_0048_LOH.jpgVinjerock2016_Koncert_AA-92.jpg20160723_0956_LOH.jpg20160723_0764_LOH.jpg20160722_0098_LOH.jpgVinjerock2016_camp_AA-3.jpgVinjerock_Folk&Fe-16.jpgMS8A6801.jpgAnne-Marte Før-2833.jpgAnne-Marte Før-2806.jpg159_Fagernes.._MHN.jpgVinjerock_Konsertar-Laurdag_Øystein-Røen-13.jpgVinjerock2016_Kakkmaddafakka_AA-57.jpgVinjerock_Multisport_Øystein-Røen-44.jpg0S3A6633.jpgVinjerock2016_stemning_IST_DSC1936.jpgVinjerock2016_Uranostind_MLS-14.jpgVinjerock2016_LiisaLeesment-4352.jpgVinjerock2016_LiisaLeesment-4293.jpg20160723_5402_LOH.jpg20160723_0005_kvammen-båt_LOH.jpgAnne-Marte Før-2089.jpgVinjerock2016_Lars_Vaular_AA-56.jpgVinjerock2016_Deathbyungabunga_IST_DSC0408.jpgVinjerock2016_LiisaLeesment_fredag-8.jpgVinjerock2016_Hogbrotet_AA-262.jpg19_Galdeberg_MHN.jpgMS8A6621.jpgMS8A6297.jpgVinjerock2016_camp_AA-41.jpgVinjerock2016_koncert_AA-21.jpgVinjerock_Folk&Fe.jpg20160721_2146_LOHVinjerock 2016_Liisa Leesment -2