Vinjerock 2014
Me har vorte bortskjemde med at billettane forsvinn fortare enn
svint når dei legges ut for salg, men denne gongen tok det kaka -
alle festivalpassa vart utseld på under eitt minutt! Det er jo
galskap, herleg galskap!
Vinjerock 2014 starta med regn på torsdagen, men deretter titta
sola fram og det vart sumar for alle penga attmed Bygdins bredd.
Store namn som Timbukta & Damn!, Veronica Maggio, Datarock og
Lemaitre dro i gong massane for alvor, men det var ikkje mindre god
stemning å spore på dei andre konsertane! Det vart vått, varmt,
heftig, svalt, tøft, morosamt og så utruleg mykje meir - Vinjerock
2014 føyar seg inn i rekka som ein vellukka festival i fjellheimen.
Me gler oss allereie til 2015!