Soga om Vinjerock
Soga om Vinjerock kunne godt ha fått plass i Asbjørnsen og Moes forteljingar om Oskeladden - for det er eit lite eventyr. Ein sein vinterkveld i 2005 kom fire Vangsgutar på ideen om å halda rockefestival på Eidsbugarden. 4. og 5. august 2006 var Vinjerock ein realitet, og eit lite stykke kulturhistorie vart skrive i Jotunheimen. I 2012 satsar me større enn nokon gong etter eitt års pause og Krafsefestival.
Historikk
Vinjerock går over tre dagar i juli kvart år. Ved sidan av talrike konsertar, får festivalgjengarane moglegheit til å boltre seg i fjellheimen, med alt frå guida toppturar til buldring og sandvolleyball på Jotunheimen Beach. Festivalen har ved sidan av musikken stort fokus på maten, som er prega av gode lokale råvarer og snille prisar.
Eit stadig viktigare satsingsområde for Vinjerock er å ta vare på miljøet der me lev og bur under festivalen. Me held til i eit sårbart område, noko som gjer at det er svært viktig for oss at me vernar om naturen og passar på at området så langt som råd ikkje vert skada av aktiviteten vår. Difor let me området få ein pause i 2011 og organiserte i staden Krafsefestivalen, der nesten 100 frivillige jobba for å utbetre festivalområdet og leggje til rette for framtidas Vinjerock.
Same året nådde me i Vinjerock eit av våre største mål - nemlig å bli Miljøfyrtårnsertifisert. Difor kan Vinjerock no dokumentere at me fyller opp strenge miljøkrav innanfor tema arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk. Me er særs stolte over å vera eit Miljøfyrtårn, og me skal jobbe hardt for å bli enda betre på miljø. Saman med alle dykk fantastiske Vinjerockarar er me sikre på at me skal greie det.
Tidlegare festivalar

Vinjerock 2006 gjekk over to dagar, 4. og 5. august, med artistar som Dumdum Boys og Thomas Dybdahl på scena. Totalt var 3 500 publikummarar innom den fyrste festivalen, som var prega av eit strålande vêr det ikkje har vore maken til i fjellheimen på mange år. Festivalen gjekk i det fyrste året med eit lite underskot.

Vinjerock 2007 utvida med ein dag, og gjekk frå 2.-4. august. Denne gongen med blant andre Bigbang, Sivert Høyem og Blood, Sweat & Tears frå USA på scena. Festivalen utvida også med ei ekstra scene dette året. I motsetning til året før var det derimot forholdsvis dårleg vêr under mykje av festivalen, utan at stemninga vart nemneverdig dårlegare av den grunn. Totalt 5 500 publikummarar besøkte den andre utgåva av Vinjerock. Festivalen gjekk dette året med stort underskot, og det var ei periode tvil om korvidt ein kunne gå vidare med prosjektet. Men ein enorm redningsinnsats, som blant anna innebar personleg kausjon frå initiativtakarane, sikra festivalen sin eksistens.

Vinjerock 2008 var internt prega av å vera eit skjebneår. Ein måtte lykkast økonomisk dette året for å overleve, og det vart lagt ned ein enorm innsats bak kulissane for å nå dette målet. Festivalen gjekk dette året frå 31. juli til 2. august, med artistar som Madrugada, Kaizers Orchestra og Animal Alpha på scena. 6 300 publikummarar tok vegen til fjells dette året, og var med på legge grunnlaget for eit overskot som gjorde til at ein kunne nedbetale gjeld - noko som sjølvsagt var ein enorm lettelse for alle som hadde lagt ned liv og sjel i å sikre festivalen.

Vinjerock 2009 var eit år prega av mykje folk og høg stemning. Festivalen gjekk frå 30. juli til 1. august, og var for fyrste gong utseld. Det skjedde eit par veker i forvegen, og når 200 ekstrabillettar vart lagt ut ei veke før festivalen, forsvann dei på under 60 sekund. Blant artistane dette året var Bigbang, Bo Kaspers Orkester og CC Cowboys. Den gode innsatsen bak kulissane held fram dette året også, og på lag med dei 8 800 publikummarane som dukka opp dette året la festivalen eit godt grunnlag for framtida ved å sikre eit nytt overskot som gjorde til at gjelda kunne nedbetalast.

Vinjerock 2010 vart nok ein «højdare» for Vinjerockentusiastane. Med utseld festival allereie i april er det tydeleg at populariteten aukar. Totalt 9 700 besøkande tok turen dette året, og det overraska oss stort at billettane vart rivne bort så fort. Festivalpublikummet kunne dette året nyta liflege tonar frå artistar som Gåte, Sivert Høyem, Ralph Myerz & the Jack Herren Band, Skambankt og Ingrid Olava. Høgdepunktet for mange var nok likevel det lokale Valdresbandet Staut som skapte ei uforgløymeleg stemning framfor scena. Så vidt me veit nådde me målet også dette året - nemleg at alle kosa seg!

Krafsefestivalen 2011 sørgja for endå betre vilkår for Vinjerock 2012. Drenering, vardebygging, utbetring av stigar og bruer og planering av festivalområdet skal vonleg sørgja for ei betre oppleving for festivalpublikummet vårt. Me gler oss til å vise fram det «nye» festivalområdet og håpar de tek vel i mot det!
Vinjerock 2012 er framleis under planlegging, og mangt skal på plass enda. Det som er sikkert er at de skal få både det kjente og kjære, men òg nye og spanande opplevingar under årets festival. Publikumsundersøkinga i 2010 gav oss utruleg mykje nyttig informasjon og me lovar å jobbe hardt for å gi dykk eit Vinjerock de seint vil gløyme. Me gler oss utruleg til bussane rullar inn og telta poppar opp frå busker og kratt. Dette blir fantastisk!
Artisthistorikk
Vinjerock 2010:
Mhoo
Casiokids
Navigators
Marjit Vinjerui
Howl
The New Wine
Skambankt
Sivert Høyem
Ila Auto
Raga Rockers
Los Horribles
St. Helen
Hjálmar (ICL)
Ingrid Olava
Staut
Thomas Dybdahl
Johnossi (SE)
Ralph Myerz & TJHB
Ogobor
Gåte
Tørstad & Co
Vinjerock 2009:
Petter Carlsen
El Cuero
Valkyrien Allstars
Harrys Gym
Little Hands of Asphalt
Marit Larsen
Tommy Tokyo
CC Cowboys
Gaute Lein Ausrød
Tyyl!
Scott Malcolmson (CAN)
Ingeborg Selnes
SKAM
Stein Torleif Bjella
The Gamasamas
Jaqueline
Hjaltalín (ICL)
Bo Kaspers Orkester (SE)
Bergen Mandolinband
Bigbang
Team Gløstøs
Vinjerock 2008:
Ugler i Mosen
Alyn
Girls (CH)
Thom Hell
Animal Alpha
Kaizers Orchestra
Katzenjammer
Siluet (BG)
Jimmy Bowskill (CAN)
Strandingarna
Valkyrien Allstars
The Snuff Grinders
Madrugada
Karl Seglem
Vinjerock 2007:
Sivert Høyem
Bigbang
Blood, Sweat & Tears (US)
Johndoe
Kristin Asbjørnsen
Adjágas
Yoyoyo Acapulco
The Cheaters
Nickels & Dimes
Girl Happy
Fatal Impact
Halfdan Gimle
Ross Reaver (US)
Nitrokit
Catastrophes
AshTrash
Hot Organ
Vinjerock 2006:
Dumdum Boys
Minor Majority
Heroes & Zeros
Ogobor
Sullivan
Off the cuff
Thomas Dybdahl
The Blackbirds
Brut Boogaloo
Silverstreet
Marthe Valle
Roenik (SE)
Eirik Bergene Band
Kneip Conspiracy
Raven Black
Ken Hensley (UK)
