Vinjerockfondet

Vinjerockfondet er eit samarbeid mellom Vinjerock, Den Norske Turistforening og Fairtrade Max Havelaar Norge. Fondet har målsetjing om å bidra til å realisere turdraumar i norsk natur for rørslehemma ungdom mellom 15 og 30 år.

Fondet vart starta ved festivalen i 2010, og hadde si fyrste tildelingsrunde våren 2011.

Harde fakta

Kven får støtte frå fondet?

Vinjerockfondet støttar rørslehemma ungdom mellom 15 og 30 år som vil realisere turdraumar i norsk natur. Søkjarane kan få støtte til kost/losji og reise for ledsager, transportkostnadar og kjøp eller leige av naudsynt tilpassa friluftsutstyr.

Søknadane blir vurdert av ein jury, beståande av representantar får samarbeidspartane, samt eit eksternt jurymedlem frå Beitostølen Helsesportsenter.

Kvar kjem pengane frå?

I samband med Vinjerock 2010 vart det totalt samla inn 100 000 kroner til Vinjerockfondet. Av desse vart 55 000 kroner tildelt i fyrste tildelingsrunde våren 2011, medan neste tildelingsrunde blir i løpet av 2012.

Vinjerockfondet fekk inntektene frå følgjande prosjekt:

Aasmunds Kaffibar
Kaffibaren på festivalen er eit samarbeidsprosjekt med Fairtrade Max Havelaar Norge. Etter at alle kostnadar til råvarer og utstyr er dekka går alt overskot uavkorta til Vinjerockfondet.

Pant på plastglas
For kvart drikkeglas som vart levert til gjenvinning på Vinjerock 2010 gjekk det ei krone til Vinjerockfondet.

Artistkunstauksjon
Alle artistane på Vinjerock 2010 måla eit bilete medan dei var til fjells. Desse var auksjonert bort i etterkant av festivalen, og alle inntektene gjekk uavkorta til Vinjerockfondet.

Meir informasjon?

Vinjerockfondet har eigen heimeside. Følg med der, eller følg fondet si Facebook-side, så får du meir info når vi skal i gang med nye tildelingar og liknande.